GOD AVSLUTNING: Kursleiarane hadde lova at ungane skulle få ete marshmallowsane som hadde vore brukt til å laga hus.
GOD AVSLUTNING: Kursleiarane hadde lova at ungane skulle få ete marshmallowsane som hadde vore brukt til å laga hus. (Foto: Sunniva Knutsen)

Nyutdanna superforskarar på Tangen skule: - Sjå bileta frå forskarfabrikken!

Denne veka har 5-7.klassingar frå sogn delteke på sommarskulen til forskarfabrikken. Sjå bileta nedst i saka.

Årdal: – Me har skote opp rakettar! seier dei ivrige forskarane, medan dei smilar frå øyre til øyre. 

Denne veka har nemleg forskerfabrikken hatt kurs på Tangen skule. Ungane seier det har vore kjekt, og ikkje minst lærerikt. 

– Det har vore kjempekult. Spesielt når me får ha det kjekt og vera i aktivitet på samme tid! fortel dei. 

Popcornmaskin og quiz

Då Porten.no møtar opp på skulen, er dei vel 20 ungane på veg inn frå friminutt. Ting som sitronsyre og edderkoppar vart diskutert, og det er inga tvil om at ungane er engasjerte. 

Det er tydeleg at dei har drive med mykje forskjellig, for på borda kan ein sjå alt i frå vernebriller, mikroskop, orsak - stereolupe, til måleri og petriskåler. 

– Kva hugser de best frå veka? 

QUIZMASTER: Gruppene var inndelt bordvis, og desse gutane tykte det var artig å stilla dei vaksne spørsmål. Foto: Sunniva Knutsen

– Då me skaut opp rakettar, ljomar det, før tre gutar kjempar om ordet for å fortelja korleis det gjekk seg til. Dei hadde brukt ein vasslange, og rakettar av papir. Resten var historie. 

Dei har visstnok òg laga popcornmaskin. Porten.no har visst kome på feil dag.

– Det var kjempegodt! Me fekk eta popcornet etterpå, og me hadde laga mykje, seier dei unge forskarane, som utvilsamt var stas. 

Fredag var det avslutning og foreldra var inviterte. Ungane hadde førebudd ein quiz utifrå det dei sjølv hadde lært. 

Kva er ei stereolupe? Kvifor har edderkoppar mønster på ryggen? Korleis får ein rakett fart? 

Lærar naturfag på ein anna måte

Forskerfabrikken driv kurs for barn og unge landet rundt kvar sommar. Målet er å få unge interesserte i realfag. 

– Det er viktig å skape interessa og forståing for til dømes naturfag. Då gjer me forsøk, som ungar på barneskulen ikkje får gjera før dei startar på ungdomsskulen, seier kursleiar Iselin T. Tjensvold som har mastergrad i geologi.

Tjensvold legg vekt på at for å vekka interessa for ungane spleisar dei det faglege med å ha det kjekt, noko som er viktig.

– Det er jo utfordrande for ungar å halde oppe konsentrasjonen. Så me står til dømes ikkje og underviser for lenge, dei får gjera litt praktiske ting. Ein lærer naturfag på ein anna måte. 

Superforskarar

FEKK DIPLOM: Forskerfabrikken sommarskule hadde avslutning i dag, og ungane fekk diplom som Superforskarar. Foto: Sunniva Knutsen

Etter fem dagar med kurs, har dei unge forskarane laga gigantiske såpebobler, bygd popcornmaskin, skote rakettar og på den måten lært om naturfag og kjemi. 

Dette vart feira på avslutninga med eit diplom og tittelen Superforskar. 

QUIZ: Dei små forskarane hadde laga quiz med naturfaglege spørsmål som foreldra skulle svara på. (Foto:  Sunniva Knutsen)
NØGDE: Kursleiarar Susanne Aarsheim og Iselin T. Tjensvold såg seg særs imponerte over ungane, og var nøgde med veka i Årdal. (Foto: Sunniva Knutsen)
KJEMISK KUNST: Dei unge forskarane fekk prøve seg som kunstnarar med sitronsyre og måling. (Foto:  Sunniva Knutsen)
MORO: Quizen ungane hadde laga til foreldra var ikkje av den helt enkle sorten. Det var mykje latter i rommet då foreldra skulle gjetta. (Foto:  Sunniva Knutsen)
QUIZMASTER: Gruppene var inndelt bordvis, og desse gutane tykte det var artig å stilla dei vaksne spørsmål. (Foto:  Sunniva Knutsen)
LATTERMILDE: Foreldra, trass vanskelege spørsmål, klarte å gjetta rett på nokre av dei. (Foto:  Sunniva Knutsen)
MIKROSKOP: Utifrå borda var det ikkje vanskeleg å sjå at ungane har gjort mykje forskjellig. Alle fekk kvar si stereolupe. (Foto:  Sunniva Knutsen)
(Foto:  Sunniva Knutsen)
AKSJON ALUMINIUM: Ungane har vore med å samla inn aluminium til haustens Aksjon aluminium. Iselin T. Tjensvold delte ut baggar til alle. (Foto:  Sunniva Knutsen)
PENDLA: Henning (midten) og mamma Grete køyrte heilt frå Aurland til Tangen skule kvar dag, så sonen kunne delta. (Foto:  Sunniva Knutsen)
FEKK DIPLOM: Forskerfabrikken sommarskule hadde avslutning i dag, og ungane fekk diplom som Superforskarar. (Foto:  Sunniva Knutsen)
GOD AVSLUTNING: Kursleiarane hadde lova at ungane skulle få ete marshmallowsane som hadde vore brukt til å laga hus. (Foto:  Sunniva Knutsen)
POPULÆRT: ... Noko ungane var glade for! Det var ikkje ein einaste marshmallow å sjå når dei var ferdig. (Foto:  Sunniva Knutsen)
POPULÆRT: ... Noko ungane var glade for! Det var ikkje ein einaste marshmallow å sjå når dei var ferdig. (Foto:  Sunniva Knutsen)
DYKTIGE: Ungane hadde førebudd vanskelege spørsmål til foreldra. Veit du kva ei stereolupe er? (Foto:  Sunniva Knutsen)
Til toppen