O jul med din glede. Eller?

MEININGAR

O jul med din glede. Eller?

Desember er her og alle hjarte gleder seg. Eller? 

KRONIKK: Medan nokon forbind jula med glede, hygga og koselege førebuingar, forbind andre desember med mas og uro for om dei har råd til jula.

Kanskje ikkje så rart når vi ifølgje hovudorganisasjonen Virke vil handla for 58 mrd. kroner i jula i år. Det er om lag 4 % meir enn i fjor.

Kva inneber så jula og julehandelen for di lommebok? Virke har anslag på det òg, og dei trur vi kjem til å handla for om lag 35 prosent meir i desember månad enn snittet for dei resterande månadane i året.

Det er ganske mykje, sjølv om dei fleste av oss får halv skatt i desember. I snitt trur ein kvar person i Sogn og Fjordane vil bruka 10.040 kroner på desemberhandel. Har du det beløpet? Og korleis bør du førebu deg til julehandelen? Mitt råd nummer éin er: Lag deg eit enkelt julebudsjett.

Kven skal du gje gåver til, og kor mykje skal dei koste. La budsjettet styra gåveinnkjøpa, og ikkje gåvevalet styra budsjettet. Viktig, men vanskeleg. 

Start òg i god tid slik at du har høve til å sjekka ulike prisar. Dette gjeld både innkjøp av gåver og mat. Vi aukar nemleg mat- og drikkeutgiftene betydeleg i desember, og det er ein trend at stadig fleire ynskjer å kjøpa mat frå lokale leverandørar. Og det på trass av at det frå tid til annan er dyrare enn å kjøpa mat i dei store matkjeda.

Eg er vanlegvis ein tilhengar av å kjøpa ting på tilbod, men akkurat når det gjeld gåver så bør du vera oppmerksam på at du risikerer å ikkje få bytt ei vare dersom ho er kjøpt på tilbod. 

Handl på nett? Det er òg ein aukande trend at stadig fleire handlar gåvene på nett. Sjekk bytehøva.

Viss gåva er handla på nettet, kan du nytta deg av angrerettlova. Dersom du ikkje er nøgd med varen kjøpt frå ein norsk eller europeisk nettbutikk, gir lova deg ein angrefrist på 14 dagar. Kjøparen skal òg få eit standard angreskjema, og butikken pliktar å leggja til rette for at det skal vera enkelt å angra. Samstundes er det ein god regel å undersøkja litt på førehand kor enkelt det faktisk er å returnera ei kjøpt vare når du handlar på nettet.

Det er òg slik at når du nyttar kort til betaling på nett er du dekt av kortgarantien. Får du ikkje varen, eller leverandøren går konkurs, kan du krevja kortselskapet for pengane. Det er det mange som ikkje veit, sjølv om vi brukar kort som aldri før.

Når vi først er inne på sikker netthandel. Det finst ei informativ side som heiter trygg e-handel der det finst ei liste over sertifiserte butikkar. Sjekk gjerne om din(e) butikk(ar) er der. 

Skriv òg ned etter kvart som du handlar kor mykje du har brukt.  Då er det lettare å sjå om du har avvik undervegs.

Ikkje kjøp for pengar du ikkje har, og heller ikkje kjem til å få. Tal frå Sparebanken Vest viser at kundane våre nyttar seg gjerne av høvet til å betala med kredittkort, men kortbruken i desember i fjor var ikkje nemneverdig høgare enn han var i andre månader det året. Det er eit sunt teikn, men di verre er det nok ein del som nytter lånte pengar eller tærer kraftig på sparepengane sine. 

Sei difor nei til freistande tilbod om å få kjappa pengar inn på konto. Det løyser kanskje ein akutt knipa der og då, men er ofte ei dårleg løysing på lang sikt. 

Ein viktig huskeregel når du brukar kredittkort er at du bør kunne betala heile rekninga når ho kjem til forfall ein gong i januar. Det er viktig, elles kan julegåvene verta mykje dyrare enn du hadde planlagt. 

Kva om du ikkje har råd til å bruka meir pengar på jula i år?

Det er du nok ikkje åleine om. Mange opplever eit vanvitig kjøpepress og høge forventingar om å gjera familie og venner til lags. Å ikkje ha råd til noko vert oppfatta av mange som eit tabu-emne, og det sit gjerne langt inne å måtta innrømma at økonomien er trong. Mange strekkjer seg òg langt og lengre enn det som er tilrådd for å ikkje skuffa gåvemottakarane. 

Eg tenkjer at det står respekt og fornuft av å klara å stå i mot, og heller fortelja dei du omgåast «at dette har eg ikkje råd til» eller «eg vel å prioritera annleis».  

Og ikkje minst; ofte er det kanskje enklare å gjera noko med forventingane på førehand, enn å bruka heile 2017 på å nedbetala gjelda du bygde deg opp i desember.

Du har tida fram til julaftan på deg. Lykke til.

Marianne Frønsdal
Forbrukarøkonom, Sparebanken Vest

Til toppen