– GOD ARGUMENTASJON: Konstituert direktør for tannhelsetenesta Clara Øberg meiner Lærdals argumentasjon i høyringsuttalen om tannhelsetenesta er god. Foto: Oddleif Løset/NRK. 
– GOD ARGUMENTASJON: Konstituert direktør for tannhelsetenesta Clara Øberg meiner Lærdals argumentasjon i høyringsuttalen om tannhelsetenesta er god. Foto: Oddleif Løset/NRK. 

Øberg rosar lærdølene sitt tannhelseforslag

Å samla tannhelsetenstene på sørsida av Sognefjorden til Lærdal er ingen dum idé, meiner Clara Øberg, men i direktøren sitt forslag vert tannklinikkane i Årdal og Lærdal verande som før.

Årdal: Sogn og Fjordane fylkeskommune skal spara millionar av kroner ved å kutte dagens 28 tannklinikkar i fylket til 17 frå 2018. Ytterelegare to, mellom anna klinikken i Aurland, forsvinn frå 2020. 

Berre 15 kommunar kom med innspel i saka, som vert endeleg avgjort på fylkestinget i juni. Blant desse var Lærdal kommune, som først og fremst ser føre seg å samle sine helsetenester til Sogn Lokalmedisinsk senter (LMS) og sjukehuset, men som også kunne tenkja seg at all tannhelseteneste på sørsida av fjorden var samla i Lærdal.

– Lærdal har ein veldig god argumentasjon. Å leggja denne helsetenesta inn under LMS er jo i tråd med det regjeringa har sagt skal liggja i LMS. Det er i tråd med intensjonen, men eg vil ikkje inn i politikken her, seier konstituert direktør for tannhelsetenesta Clara Øberg.

Spesielle rekrutteringspakker

Ho peikar på at ved å samle tenesta på sjukehuset, kan ein til dømes tilby narkose til pasientar som treng det. Andre ting som blir løfta fram er kjeveortopedi og -kirurgi. 

Rådmann Alf Olsen jr., som har forfatta brevet frå lærdølene, trur framtidige generasjonar med tannlegar vil krevja større fagmiljø og støtte i faget. Det er ei kjend sak at det er utfordringar knytt til rekruttering til Sogn og Fjordane innanfor dette området også. 

– Det er difor me har spesielle rekrutteringspakker til tannlegar for å få dei til å vera på mindre klinikkar. I det Årdal fekk tre tannlegar, så har klinikken blitt veldig populær, fortel Øberg vidare.

Svarar ikkje for ikkje å provosere

Etter at innspelet til Lærdal blei kjend, kom også Årdal på bana og sendte inn ein uttale lenge etter fristen gjekk ut der dei gav beskjed om at dei ikkje ville flytte tannhelsetenesta si til Lærdal.

Årdal er ikkje på kuttlista fordi det bur mykje folk her, i tillegg til at klinikken er moderne og veldreven, men Øberg tykkjer det er synd at kommunar som i utgangspunktet ikkje er truga med kutt, vel ikkje å kommentere saka.

– Eg likar det ikkje. Eg meiner det ikkje må bli slik at så lenge du ikkje føler deg truga, så vil du ikkje seia noko om ei så viktig teneste. Nokre let vera å svare på grunn av folkeavrøysting i samband med kommunereforma og vil ikkje provosere. Det må ikkje vera slik at du berre uttalar deg om ting som råkar deg sjølv, seier Øberg.

Til toppen