TANNHELSE: Clara Øberg frå Årdal, no busett i Sogndal, er tilsett som ny fylkesdirektør for tannhelse i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Foto: Kristjan Logason. 
TANNHELSE: Clara Øberg frå Årdal, no busett i Sogndal, er tilsett som ny fylkesdirektør for tannhelse i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Foto: Kristjan Logason. 

Øberg tilsett som fylkesdirektør for tannhelse

Clara Øberg er tilsett som fylkesdirektør for tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Leikanger: Øberg kjem frå stillinga som konstituert fylkesdirektør. Det skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune måndag føremiddag.

Øberg vart tilsett som assisterande direktør for den offentlege tannhelsetenesta i fylket i 2011. I 2015 tok ho over som konstituert fylkesdirektør, og no er ho tilsett som fylkesdirektør.

Den nye fylkesdirektøren kom frå jobben som tenesteleiar for helse- og sosialsektoren i Sogndal kommune før ho byrja i fylkeskommunen. Ho har òg tidlegare vore tilsett i fylkeskommunen, då i personalavdelinga i staben til fylkesrådmannen.

Øberg var representant i fylkestinget i perioden 2007-2011 og har sete i kommunestyret i Sogndal. Ho er fødd i Årdal, men er no busett i Sogndal. 

Til toppen