UNDERKJØLT REGN: Glasserte vegar kan bli resultatet når regn fell ned på ei vegbane som har vore beinfrosen. Illustrasjonsfoto
UNDERKJØLT REGN: Glasserte vegar kan bli resultatet når regn fell ned på ei vegbane som har vore beinfrosen. Illustrasjonsfoto

OBS-varsel om svært glatte vegar tysdag

Omslag til mildvêr etter kulde og snø vil kunne skapa utfordringar i trafikken.

Indre Sogn: – Når du får regn oppå kald vegbane, så veit me kva dette kan bli for noko. Salt har avgrensa effekt når det kjem til å regna såpass mykje som det er meldt. Vi er litt spente, seier vaktoperatør i Statens vegvesen, Jan Erikstad til NRK.

Dei siste dagane har det vore svært kaldt - natt til måndag ned i 25 kalde på Filefjell.

Les også: Brrr, dette var ei av dei kaldaste nettene hittil i vinter​

Varslar vel 25 grader temperaturstigning på knappe to døgn

Men det komande døgnet vil kvikksølvet stiga kraftig; tysdag morgon ligg det an til nullføre i låglandet, og ut mot kveldingen ser gradestokken ut til å koma på plussida også til fjells i følgje Yr.

Artikkelen held fram under biletet

OBS-VARSEL: Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel om glatte vegar på mellom anna Vestlandet tysdag. Skjermdump frå Yr.no
OBS-VARSEL: Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel om glatte vegar på mellom anna Vestlandet tysdag. Skjermdump frå Yr.no

Når det då også er meldt nedbør utover dagen tysdag som vil koma som regn både lågt og ganske høgt oppå ei vegbane som har ligge beinfrosen i dagevis har du den perfekte oppskrifta på glatt veg.

– I natt og i morgon må ein vera godt skodd når ein skal ut på vegen. Me reknar med at det kjem til å bli lokalt vanskelege køyreforhold. Både der det no er bart i vegen og der det er snø og isdekke, seier Erikstad.

Prioriterer dei mest trafikkerte vegane

Særskild om du skal ferdast på side- og mindre trafikkerte vegar kan det bli tøffe tilhøve, forklarar Erikstad

– I morgon tidleg er det mange som skal på jobb som fort kan få problem fordi det kjem til å bli glatt. Me blir nøydde til å prioritere dei mest trafikkerte vegane først, så det vil ta tid før me får gått over alle vegane på skikkeleg måte.

Til toppen