STILLE FØR STORMEN: Det er førebels temmeleg stille over Hemsedal og på Filefjell, men det kan snu fort. På Aurland-Hol bles det allereie stiv kuling i sekstida tysdag kveld. Foto: arkiv.
STILLE FØR STORMEN: Det er førebels temmeleg stille over Hemsedal og på Filefjell, men det kan snu fort. På Aurland-Hol bles det allereie stiv kuling i sekstida tysdag kveld. Foto: arkiv.

OBS-varsel: Skal du over fjellet bør du skunde deg

– Ting kan endre seg fort. 

Lærdal: I kveld og i natt har meteorologisk institutt meldt om storm i fjellet i Sør-Norge og på kysten av Vestlandet. Sogn og Fjordane er eitt av fylka dei har sendt ut OBS-varsel fordi det er venta kraftige lokale vindkast på mellom 25 og 30 meter i sekundet.

Vegtrafikksentralen i Lærdal opplyser det bles godt enkelte plassar, mellom anna på Aurland-Hol, men at det verste ikkje verkar å ha slått inn enno.

– Det er på veg dette vêret, men me har lite mas med det enno. Det er ikkje nedbør og lite snø i fjellet, så det bles berre over vegen, seier Ketil Molvær, vaktoperatør på Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Han trur difor ikkje det blir stengingar med det første.

– Det er meldt mykje vind utover natta, men eg trur det går bra før nedbøren kjem i morgon føremiddag, seier han.

– Kva råd har du til folk som skal over fjellet?

– Ting kan endre seg fort. Folk bør difor følge med på meldingane og helst komme seg over fjellet i kveld og i natt. I morgon ettermiddag, frå seks og utover, er det meldt mykje nedbør. Då kan det fort bli stengt, viss dette slår skikkeleg til, seier Molvær.

Til toppen