BRANN: I 2014 opplevde lærdølene ein av dei største brannane i nyare tid. Foto: Jan Christian Jerving. 
BRANN: I 2014 opplevde lærdølene ein av dei største brannane i nyare tid. Foto: Jan Christian Jerving.  (Foto: Jan Christian Jerving)

OBS-varsel: Stor fare for skogbrann i Lærdal

Meteorologisk institutt har sendt ut raudt varsel for skogbrannfare i Lærdal tysdag og dei to kommande dagane. 

Lærdal: Dei neste dagane er det meldt om meget stor fare for skogbrann i Lærdal. 

Yr.no har ein oversikt over fleire stader i landet som grunna det tørre vêret no har sendt ut OBS varsel om fare for skogbrann. 

Les også: Søndag var varmaste dagen i år

Ekstremt høge tal 

Meteorologane åtvarar spesielt til å passa på dersom varselet er stort eller meget stort for skogbrannfare. Det vil seie eit større tal enn 40.  

Ifølgje målingar gjort tysdag 10. mai, var det meldt om 0 millimeter med nedbør. Dette har gjort at varselet for i dag er på 159. I løpet av dei kommande dagane vil faren auke endå meir. Onsdag er det meldt 166 og på torsdag er det høgaste talet for Lærdalsøyri på 174. 

Yr.no skriv vidare at dei i Sogn og Fjordane og Hordaland er lokalt stor gras- og lyngbrannfare der det er barmark inntil det kjem nedbør av betydning. 

Ingen andre stadar i Indre Sogn er det varsla med raude tal. I Stryn er det komme raud varsel på 71 torsdag den 12. mai. 

Yr.no skriv på sine nettsider at i sesongen frå omlag 1. april til omlag 1. september, blir skogbrannfaren spesielt overvaka, men også ellers i året dersom det oppstår stor fare for skogbrann.

Til toppen