ÅTVARAR: Det tørre vêret gjer at faren for skogbrann er stor.
ÅTVARAR: Det tørre vêret gjer at faren for skogbrann er stor. (Foto: Halvor Farsund Storvik/arkiv)

OBS-varsel: Stor skogbrannfare

Dei neste dagane må du vera ekstra forsiktig om du har tenkt å fyra opp grillen i friluft. Du risikerer ikkje berre å svi av skogen, men òg eit saftig hol i lommeboka.

Indre Sogn: – Når det ikkje har regna på ei stund, og med vinden som har vore, så tørkar det ut både jordsmonn og terreng ganske fort. Der det er tørt gras så kan det vere stor brannfare, seier Kolbjørn Øvrebotten ved alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Fredag sende Metereologisk institutt ut OBS-varsel om stor skogbrannfare på Vestlandet sør for Stad. 

Det er venta at faren vil auka fram til det kjem regn i nokolunde mengder.

– Vegetasjon kan lett ta fyr og store område kan bli berørte. Ver varsame med open eld, åtvarar meteorologane.

Dyrt å vera brannstiftar

Ingen av dei lokale brannsjefane har enno innført forbod mot all brenning, så førebels gjeld det generelle bålforbodet som er frå 15. april til 15 september.

Øvrebotten oppmodar folk likevel om å vera ekstra varsame, og ha rikeleg med vatn å sløkka med om du til dømes bestemmer deg for å grilla.

– Når det tek fyr og ein brann kjem ut av kontroll, så risikerer du å ikkje berre bli bøtelagt, men å måtta betala for sløkkinga. Det kan bli ei dyr affære, seier Øvrebotten.

Lite som skal til

Det er ikkje alltid direkte menneskeleg medverknad må til. Det kan vera nok at eit glasbrot ligg ute i skogen og får verka som ei lupe på sollyset.

Gnistar frå høgspentlinjer er ein anna syndar.

– Det kan vera ein fugl eller eit kvart som kræsjar i dei, det kan vera nok til å starta ein brann. Men det er heldigvis sjeldan, seier Øvrebotten.

Til toppen