Lærdal: – Eg er ganske sikker på at det var jervespor av bileta eg fekk. Dette er eit område det sjeldan blir registrert jerv i, så eg reiste opp for å sjekka ut. Grunna mildvêr som hadde slege inn var det problematisk å følgja spora, så kva retning det tok er noko uvisst, seier Rein-Arne Golf, regionalt rovviltansvarleg i Statens Naturoppsyn (SNO).

Observasjonen vart gjort 15. februar i nærleiken av Ulvehaugen, rett ved hyttefeltet Oset på Hemsedalsfjellet, i vestenden av Eldrevatnet. Truleg var det snakk om eit streifdyr, fortel Golf – men held fram at dei jobbar med å finna ekskrement etter jerven
– Førebels har me ikkje funne det, og for vår del er dette interessant med tanke på å finna ut kva individ det er snakk om.
Reknar med ekstraordinært uttak
Same datoen som jervesporet vart observert på Hemsedalsfjellet gjekk også lisensjakta ut. Ingen av dei åtte jervane det var gitt løyve til å fella i rovviltregion 1 vart felte.
Dette er region Vestlandet, og strekkjer seg frå Sunnmøre i nord til dei vestre delene av Agder i sør.
Golf fortel at det utom observasjonen på Hemsedalsfjellet har vore ein jervevinter «som normalt»
– Det er det vanlege; me har jerv i Luster og deler av Årdal – ein eller fleire.
I Årdal er det snakk om halvøya mellom Ofredal/Seimsdalen og over til sørsida av Lustrafjorden.
Les også: Åtte jervar kan fellast i lisensjakta
Les også: Høgt tap av lam i Årdal
Golf reknar med det ligg an til ekstraordinært uttak i regi av SNO når vêr og føre tillet det – det same gjer leiar i rovviltnemnda region 1, Aleksander Øren Heen.
– Eg har vore i kontakt med direktoratet og Sogn står på blokk. Eg forventar at me får ekstraordinært uttak i vår region.
Ekstraordinært uttak blir gitt av Miljødirektoratet etter fortløpande vurderingar-