STOR RESPONS: Han ba om hjelp og fekk det. Takka vere gåvmilde årdøler tør Odd Einar Nordheim håpa på at karriera hans skal få eit løft, tolv år sidan den førebels siste plata kom ut.
STOR RESPONS: Han ba om hjelp og fekk det. Takka vere gåvmilde årdøler tør Odd Einar Nordheim håpa på at karriera hans skal få eit løft, tolv år sidan den førebels siste plata kom ut. (Bilde: Pressefoto)

Odd Einar (45) gir ut første plate på tolv år etter massiv støtte frå heimbygda

– Det er heilt utruleg, seier låtskrivaren frå Årdal om responsen han har fått.

Årdal: Det var i sommar at manager Christer Falck reiste til Årdal i jakt etter støtte til å fart på karriera til OdD, som er artistnamnet til Odd Einar Nordheim. Friarferda gav tydelegvis resultat. Sist i rekka var Indre Sogn Sparebank, som fredag gav 80.000 kroner til plateutgjevinga.

Nordheim seier dei ikkje er åleine om å vera gåvmilde.

– Det er heilt utruleg. Eg har ikkje ord for å skildra støtta eg har fått. Det er heilt overveldande rett og slett. Samstundes føler eg eit ørlite press på å levera, seier han.

– Eg gler meg voldsomt

Platecomebacket vart ymta om i fjor, då Nordheim skulle spela dei gamle låtane sine live for første gong på eit tiår. Då fortalte han at ambisjonen er å igjen bli musikar på heiltid. No har han fått det meste av pengane på plass for å satsa alt på plateutgjeving.

– Me ventar berre på at ein kar skal koma tilbake frå ein tur i USA. Når han dukkar opp att, så byrjar vi å jobba i studio med dei første låtane, seier Nordheim.

Nordheim fekk nasjonal merksemd då han vann den TV-sendte talentkonkurransen «Med blikket mot stjernene» i 1996. Sidan har han gitt ut to plater, vore med på TV2-programmet The Voice og blitt tobarnspappa.

Det byrjar å bli ei stund sidan sist han jobba i studio, men Nordheim ser fram til nokre intensive månader framover.

– Eg er veldig klar for neste trinnet på stigen i karriera. Dette er noko eg har gått og hatt lyst til veldig lenge. Det er så mange bra folk som skal vera med meg og som eg skal samarbeida med, at det blir eit eventyr. Eg gler meg voldsomt, seier han.

Skal samarbeida med andre artistar

Låter har han nok av, meiner han, men det er eit ope spørsmål kor mange av dei som greier å snika seg med på plata. Låtskrivinga pågår framleis og til forskjell frå tidlegare vil Nordheim samarbeide med andre artistar i prosessen og endåtil få ferdigskrivne sangar laga til seg.

– Før har eg gjort alt sjølv. Denne gongen hadde eg lyst til å overlata tøylene litt til nokon andre, seier Nordheim.

Har vil ikkje spå når plata kjem ut, det har han dårleg historikk på frå tidlegare, minner han om.

– Men managementet har gitt beskjed om at dei siktar mot påske. Då har me ikkje meir enn tida og vegen, men me får sjå korleis det går. Denne gongen er det ikkje eg som styrer det, seier Nordheim.

Som igjen takkar bygda for at plata i det heile let seg realisera. 

– Pengane som har kome inn har vore heilt uvurderlege, men faktisk betyr støtta langt meir enn kronene det gir, seier Nordheim. 

Til toppen