Odd Einar Nordheim var ikkje så høg før operarunden, men fekk bra tilbakemeldingar, og er vidare til neste program.
Odd Einar Nordheim var ikkje så høg før operarunden, men fekk bra tilbakemeldingar, og er vidare til neste program. (Foto: NRK presse)

Odd Einar hamna i botn tre, men kom vidare

Opera stod på programmet i Stjernekamp laurdagskveld, og alle artistane fekk mykje å bryna seg på.

Årdal/Oslo: Odd Einar Nordheim var først ute på scena laurdagskveld i Stjernekamp på NRK. Kveldens sjanger var opera, og Nordheim valgte stykke «Una furtiva lagrima» frå Elskovsdrikken.

Sjølv seier han at han ikkje kan lesa nota, og ikkje har sangteknikk, men NRKs Espen Borge trilla terningkast 6 for framføringa, og dommar Solveig Kringlebotn var fornøyd.

– Åååå du var flink! Du har masse sangteknikk og sangglede. Det du sang er noe man bruker for å trene tenorer til å mestre overgangen mellom to registre. Jammen får du til det!, seier ho til NRK. 

Sjølv med tilbakemeldingane, og at han sjølv synest det var ein fantastisk oppleving hamna han blant dei tre med færraste stemmer. 

Det var Hege Øversveen som måtte forlate programmet, og Nordheim er vidare til neste program der "Norsk på norsk" er på programmet.

Til toppen