KONSERT: Odd Nordheim håpar å gjenopplive karriera som heiltidsmusikar i 2017. I februar samlar han bandet for første gong på ti år, på sjølvaste bursdagen. Foto: Anna Muchin.
KONSERT: Odd Nordheim håpar å gjenopplive karriera som heiltidsmusikar i 2017. I februar samlar han bandet for første gong på ti år, på sjølvaste bursdagen. Foto: Anna Muchin.

OdD inviterer til reunionkonsert på sin eigen bursdag

Låtskrivar Odd Nordheim frå Årdal børstar støvet av gamle klassikarar, ti år etter at han sist framførte dei live.

Årdal: Det er kompis Jan Bjørge Wangen som har samla heile det gamle bandet og organisert verdas minste turnè på nyåret. Det vil seie to konsertar, den første på Bakeriet i Øvre Årdal fjerde februar.

– Det blir ei gjennomgåande god oppleving og den finaste bursdagsgåva eg kan få. Eg fyller 45 i løpet av konserten, seier Nordheim, som sjølv fekk vite om opplegget for eit par dagar sidan.

– Eg må i allefall øve. Sjølv om eg har skrive sangane sjølv må det vere ti år sidan eg spelte dei live sist. Det blir artig, seier han. 

Les også: I kveld løyser Odd Nordheim musikalske gåter på Beat for Beat

TILBAKE I MANESJEN: Siste plate kom i 2005, men Odd Nordheim har ikkje vore heilt ute av rampelyset. Her frå då han deltok på Beat for Beat tidlegare i år.
TILBAKE I MANESJEN: Siste plate kom i 2005, men Odd Nordheim har ikkje vore heilt ute av rampelyset. Her frå då han deltok på Beat for Beat tidlegare i år.

Satsar på å gjenopplive karriera

Nordheim vart først lagt merke til nasjonalt då han vann den TV-sendte talentkonkurransen «Med blikket mot stjernene» i 1996. Sidan har han gitt ut to plater, vore med på TV2-programmet The Voice og blitt tobarnspappa.

Nordheim har lenge gått med planar om å gje ut ei tredje plate og håpar konserten kan vere eit spark bak i så måte.

– Eg har ambisjonar om å bli musikar igjen på heiltid neste år. Sist eg gav ut plate var i 2005, så eg klør ganske alvorleg etter å komme i gong igjen, seier han.

Relanserer plate på vinyl

Nordheim lovar å spele låtar frå både det første og andre albumet. I ein pressa kalender vil bandet få avgrensa tid til å øve, men Nordheim opnar døra på gløtt for nokre få smakebitar òg frå dei nye sangane han jobbar med.

– Det blir nok ei overrasking eller to, men eg er litt usikker på om det blir nytt OdD-materiale som aldri har blitt spelt før. Kanskje eg må trumfa det gjennom, med tanke på happeningen, men eg vil ikkje love noko, seier han.

Inkludert i billetten er eit eksemplar av album nummer to, Not all birds fly with ease, som no blir gjeven ut på vinyl eit avgrensa opplag. Det påverkar òg prisen, men Nordheim håpar folk ikkje let seg skremme av den grunn.

– Eg håpar det kjem folk så eg ikkje blir åleine på bursdagen, seier han.

Til toppen