I KRIGSSTEMNING: Kurt Oddekalv sparte ikkje på krutet då han snakka til forsamlinga i Lærdal kulturhus.
I KRIGSSTEMNING: Kurt Oddekalv sparte ikkje på krutet då han snakka til forsamlinga i Lærdal kulturhus. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Oddekalv: – Jo sintare de blir, jo betre verkar det

Miljøaktivisten Kurt Oddekalv kom til Lærdal med skarpladd retorikk, klar til kamp mot nedslaktinga av villreinen i Nordfjella. – Eg trur me vinn denne saka, seier han.

Lærdal: På folkemøtet snakka han om kuler som skulle flagra rundt ørene på folk, helikopter som skulle skytast ned og namngjevne personar han gjerne skulle ha gitt ein knyttneve i trynet.

– Det er berre ord, mi taleform, eg gjer jo ikkje slikt. Det veit både politiet, økokrim og alle. Det er berre eit uttrykk for mi panikk i saka og kor gale ho er, forsikrar Oddekalv etter møtet.

Den han derimot kunne slå i bordet med var ei fersk politimelding av Miljødirektoratet og Mattilsynet. Dei skuldar han for «artsfascisme av verste slag».

– Det er ulovleg å bryta lova, òg for dei, seier Oddekalv og lovar med det same at det ikkje er siste politimeldinga han leverer inn i saka.

KJENNER SEG OVERKØYRT: Grunneigar Oddmund Einemo var den som hadde invitert miljøkrigaren til bygda.
KJENNER SEG OVERKØYRT: Grunneigar Oddmund Einemo var den som hadde invitert miljøkrigaren til bygda.

– Eg er den i landet som gjennom historia har politimeld flest bedrifter og enkeltpersonar. Over halvparten av dei sakene har eg vunne. Så eg trur det nyttar å melda dei, seier Oddekalv.

Får nedslaktinga tett på kroppen

Han var invitert til Lærdal av Oddmund Einemo, ein av grunneigarane som får nedslaktinga tettast innpå seg. Statens naturoppsyn har base berre 300 meter frå stølen hans. Der har han tenkt å henga opp ein tretti meter lang banner med påskrifta «Stopp nedslaktinga av frisk villrein» og lyssetta ho.

– Det som no skjer er så gale at eg ikkje kan sjå på det lenger, seier Einemo, om kvifor han tromma i hop møtet.

Han håpar at miljøkrigaren Oddekalv kan greia å få nok trykk på saka, slik at villreinen på Nordfjella kan bli berga. Regjeringa har beordra nedskytinga av 2200 dyr i håp om å få bukt med den dødelege og smittsame skrantesjuka.

Grunneigarane føler seg overkøyrte

Einemo meiner det trengst meir kunnskap og at saneringa er forhasta. Samstundes er han skeptisk til om smitten let seg avgrensa, ikkje minst fordi villreinen kan flytta seg over store avstandar.

– Viss dei blir pressa hardt nok på jakt, så kan dei rømma til retningar som finst, seier Einemo.

Ikkje minst er han oppgitt over at grunneigarane ikkje har blitt involverte meir i prosessen.

– Dei spør ikkje om det er greitt med all helikopterlandinga, om det er greitt at dei øydelegg rypejakta me leiger ut. Ingen har spurt oss om noko som helst, me er fullstendig overkøyrde, seier Einemo.

NYTT HÅP: Olav Grøttebø frå Lærdal hadde eigentleg resignert i kampen for å bevara nordfjellareinen. Folkemøtet var likevel eit lite lysglimt. – Det er bra å sjå at fleire engasjerer seg, seier han.
NYTT HÅP: Olav Grøttebø frå Lærdal hadde eigentleg resignert i kampen for å bevara nordfjellareinen. Folkemøtet var likevel eit lite lysglimt. – Det er bra å sjå at fleire engasjerer seg, seier han.

– Eg trur me vinn denne saka

På møtet oppmoda Oddekalv jegerane om å laga meir bråk, senda brev til departementa, ringe til politikarar dei kjenner, melde dei ansvarlege til politiet. 

– Jo sintare de blir, jo betre virkar det, forklarte han til forsamlinga.

– Folk er alt for snille og tolererer alt mogleg, seier Oddekalv til Porten.no etter møtet. Han meiner tida no er moden for å lokka fram aggresjonen.

– Villreinen er ein primærressurs i Norge, som me har eit spesielt internasjonalt ansvar for å ta vare på, akkurat som med villaksen. Begge har me angripe her i Lærdal og det synst eg er forferdeleg, seier han.

Han har hatt sine kampar opp gjennom. Denne er han fast bestemt på å gå sigrande ut av.

– Eg trur me vinn denne saka. Med så mange gode krefter som jobbar i mot nedslaktinga av villreinen, så er dei nøydde til å tapa, seier Oddekalv.

Til toppen