Sogn og Fjordane: TV-aksjon i år skal gje 400 000 kvinner moglegheit til å tena sine eigne pengar, bestemma over eigen kropp og få ei røyst i samfunnet.
TV-aksjonsmidlane går til CARE sitt arbeid i ni land: Niger, Mali, Den demokratiske republikken Kongo, Burundi, Rwanda, Myanmar, Afghanistan, Jordan og Palestina.
– Det er klart eg takka ja då eg på nytt fekk sjansen til å leia TV-aksjonen; i Norges mest gåvmilde fylke. Læringskurva var bratt i fjor, men det ga ufatteleg mykje energi å treffa så mange positive folk, og ikkje minst at me hamna heilt på topp av dei som ga mest per innbyggjar, seier Midtbø i pressemeldinga.
– To av dei eg inviterte med i arbeidet i fjor, er i år for ekspertar å rekna ettersom Irene Uwamahoro kjem frå Rwanda og Yvonne Nshimirimana frå Burundi.
- Les òg: TV-aksjonen: Aurland i landstoppen på gjevarstatistikken
- Les òg: Hoppa i fjorden for TV-aksjonen
Midtbø: – Som oftast kvinner som blir råka av urett
TV-aksjonen har blitt arrangert éin søndag i oktober kvart år sidan 1974. Det er verdas største innsamlingsaksjon, og kvart år bankar 100 000 bøsseberarar på samtlege av dei 2,3 millionar heimane over heile landet.
– TV-aksjonen er heilt unik. Søndag 20. oktober samlar alle i Noreg seg om denne viktige saka. Det gjev ei enorm kjensle av fellesskap. Kongefamilien, statsministeren, næringsliv, organisasjonar, trussamfunn og lokalsamfunn bidreg alle til å gje kvinner i nokre av verdas mest sårbare område moglegheit til å skapa eit betre liv for seg og sine, seier Midtbø.
Enorme skilnader
Over 7 000 frivillige jobbar fram mot aksjonsdagen for å mobilisera 100 000 bøsseberarar.
– Skilnadene i verda er enorme, og det er som oftast kvinner som blir hardast råka av urett. Dersom kvinner får jobba, bestemma over eigen kropp og bruka si eiga røyst, vil det bli mindre svolt, mindre fattigdom, mindre vald og meir rettferd. Berre dei får høve, vil dei utgjere ein stor skilnad, seier Midtbø.