Ofra alt i det lokale oppgjeret

At romjula er ei roleg tid, fekk samtlege fotballspelarar i grendacupen motbevist i Tangenhallen onsdag.

Årdal: Det er nok fleire deltakarar som i kveld kan skryte på seg store og små blåmerker etter onsdagens grendacup i Tangenhallen. 

Sjå biletegalleri øvst i saka.

Alle spelarane gjorde sitt for å auka sjansane for å kome til finalen, og ofra både armar og bein i forsøket.

To personar gjekk ut med skade allereie før finalerundane var klare, der den eine personen måtte vidare til Lærdal sjukehus for sjekk. Men han reiste ikkje før etter at cupen var avgjort, då laget Lærdal som han spelte for, hamna i finalen saman med cupvinnaren frå i fjor, Samcro. 

Dønn alvor

Som i dei fleste venskapskampar spelte utøvarane med eit smil om munnen. Men i det finalerundane nærma seg, vart stemninga brått meir amper enn tidlegare på dagen. 

Alvoret hang i lufta då det synte seg at dei to laga som har vunne kvar sin gong dei siste to åra, skulle møtast i finalen. Allereie under bronsefinalen byrja grendalaga Samcro, leia av Truls Hovland, og Lærdal med Ørjan Skilbrei i spissen,  å terge kvarandre før den avgjerande kampen. 

Med intense duellar og til tider hissig stemning ute på bana, vart cupen avgjort etter vel femten minuttar lang finalekamp. Samcro vart årets vinnar, og har med dette vunne to år på rad. 

SIGER: Etter å ha ofra alt for grendalaget sitt, vann Samcro over Lærdal i Tangenhallen onsdag.
SIGER: Etter å ha ofra alt for grendalaget sitt, vann Samcro over Lærdal i Tangenhallen onsdag.

 

 

Til toppen