TRADISJON: Indre Sogn Sparebank Grendacup er blitt ein tradisjon i Årdal. Dei siste åtte åra har Ronny Rinde og ein dugnadsgjeng invitert til fotballturnering i Tangenhallen. I år er intet unntak. 
TRADISJON: Indre Sogn Sparebank Grendacup er blitt ein tradisjon i Årdal. Dei siste åtte åra har Ronny Rinde og ein dugnadsgjeng invitert til fotballturnering i Tangenhallen. I år er intet unntak. 

Også i år inviterer han til fotballcup i romjula

– Folk har allereie byrja å sende melding og e-post om når årets Grendacup blir. 

Årdal: No er datoen spikra. Hald av 29. desember dersom du trur det kan vere behov for å lea seg litt i juleferien. For åttande år på rad vert Indre Sogn Sparebank Grendacup arrangert i romjula i Årdal. Årets utgåve er også lagt på ettermiddagen i håp om at fleire har moglegheit til å delta.

– Det er jo eit godt høve til å trene av seg litt julefeitt, smiler Ronny Rinde.

Men det er ikkje først og fremst det som er det viktige når fotball-interesserte frå heile Årdal samlast for å måle krefter på parketten i Tangenhallen.

– Det handlar om å samlast. Det er mange som har vener som kjem heim til jul, og då er det greitt å treffast på ei slik fast hending. Det tykkjer eg er viktig. Folk gler seg, og det merkar ein på alle e-postane og meldingane eg har fått til no, seier han.

Ein samlingsplass i romjula

For sjølv om det skal vera moro, er det også ein del prestisje inni biletet. Det er klart når den beste fotball-grenda i bygda skal kårast. I år vert det også opna for at lag frå andre bygder kan melde seg på. 

– Me har fått nokre førespurnader frå nabobygder. Det er jo greitt å fornye seg litt med nye ansikt på bana. Det er jo ofte fordi dei kjenner folk i Årdal og vil ta seg ein tur, forklarar Rinde, som seier dei framleis vil ha ein viss kontroll på at laga er sett saman av spelarar frå same grend.

– Dei seinare åra har det jo blitt lånt spelarar frå dei ulike grendene, og me prøver å halde på denne tradisjonen, elles må ein endre heile konseptet. Viss alternativet er å låne eit par spelarar for å kunne stille lag, er det greitt. 

Alle er velkomne til å delta, og spesielt jenter. Talet på damelag har gått litt ned, noko Rinde håpar dei skal få opp igjen på eit bra nivå i år. 

Gir overskot til kreftråka barn

– Kva er motivasjonen for å lage turneringa år etter år?

– Det er veldig kjekt. Det ligg ein del arbeid og planlegging, og ein set eiga julefeiring deretter, men no er me fleire som planlegg og elevar som står i kiosken, så me får det til utan problem, fortel han. 

Rinde seier dei også har tenkt tanken på å arrangere ein bankett dersom interessa er der, men forstår at det er mange arrangement i romjula og vil ikkje gå i vegen for andre ting. 

Pengane dei får inn går til å betale husleige, og overskotet av dette skal i år gå til Synnes minnefond, der pengane går vidare til avdelinga for kreftsjuke born på Haukeland sjukehus. 

Til toppen