TRADISJON: Martine Låksrud Øyre og Emma Jarstadmarken og resten av 2STA ved Årdal vidaregåande skule inviterer også i år til handballturnering i Årdalshallen 2. juledag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TRADISJON: Martine Låksrud Øyre og Emma Jarstadmarken og resten av 2STA ved Årdal vidaregåande skule inviterer også i år til handballturnering i Årdalshallen 2. juledag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Også i år vert det handball 2. juledag

Tradisjonen tru arrangerer 2STA ved Årdal vidrageåande skule handballturnering 2. juledag.

Årdal: Det er blitt eit fast innslag i romjula. I fleire år har elevane arrangert handballturnering for å samle inn pengar til studietur til våren. 

Pengar til ei god sak, og det er jo alltid greitt å bevege litt på seg etter dagar med mykje snop og mat. 

– Denne dagen blir det handballturnering. Me har kiosk der me sel litt forskjellige. Målet er å ha det kjekt, seier Martine Låksrud Øyre.

Her kan folk melde på lag slik det passar dei. Nokre er ivrige og har allereie meldt seg på, men framleis er det plass til mange lag. 

– Det blir mest reine gute- og jentelag som møter kvarandre. Me har premiar til beste lag og beste spelar i finalen, fortel Låksrud Øyre.

Ho og Emma Jarstadmarken fortel at sjølv om det er mest for moro, blir det alltid litt konkurranse mellom laga.

– Når det drar seg til, blir det ein ganske hard konkurranse. Laga spelar meir taktisk og set frimerke på dei beste spelarane og slikt, seier ho.

Dei har fått med seg Terje Solheim, som ofte har rollen som speaker på idrettsarrangement i Årdal, til å lose laga gjennom turneringa, og no jobbar dei med dommarar.

Alt er frivillig og til innsamling til studietur til Berlin. Handballturneringa er eitt av fleire tiltak elevane lagar til for å samle inn pengar.

– I neste veke skal me lage nissefest for ungar. I tillegg arrangerer me lokalfest, sel julekaker og har allereie hatt loppemarknad, fortel Jarstadmarken. 

Til toppen