NOVEMBERBARN: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) foreslår at alle barn som fyller eitt år i november, skal få rett til barnehageplass frå hausten.​ Foto: Halvor Farsund Storvik.
NOVEMBERBARN: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) foreslår at alle barn som fyller eitt år i november, skal få rett til barnehageplass frå hausten.​ Foto: Halvor Farsund Storvik.

Også novemberbarn kan få rett til barnehageplass

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) foreslår at alle barn som fyller eitt år i november, skal få rett til barnehageplass frå hausten.

Ifølgje departementet gjeld dette 4.400 barn til hausten.

Regjeringa følgjer dermed opp utvidinga frå hausten 2016, då dei opna for at rundt 9.800 barn fødde i september og oktober hadde rett til barnehageplass frå fylte eitt år.

Det vil dermed berre vere barn fødde i desember som ikkje får rett til barnehageplass det året dei fyller eitt år, dersom forslaget får gjennomslag.

– Foreldre som ønsker det, bør få moglegheit til å gi barna sine ein god start i barnehage. Derfor utvidar vi endå ein gong retten til barnehageplass slik at også barn som fyller eitt år i november, blir sikra plass til hausten, seier Røe Isaksen.

I høyringsforslaget som blir sendt ut måndag, foreslår kunnskapsministeren at kommunane kan velje å tilby plass allereie i august for dei barna som er fødde i november. Det vil då vere opp til foreldra om dei ønsker plass frå august, eller om dei vil vente til barnet fyller eitt år i november.

Høyringsfristen er sett til 27. februar 2017.

(©NPK)

Til toppen