Rapporten er laga av professor emeritus Bjarne Jensen og tidlegare forskingsleiar Jan Mønnesland ved Norsk institutt for by- og regionforsking på oppdrag frå Lokalsamfunnsforeningen.
Kommunaldepartementet opplyser til Klassekampen at reforma kostar 3,235 milliardar kroner. Jensen og Mønnesland meiner det dreier seg om minst 5,6 milliardar kroner i perioden 2014 til 2019.
Jensen seier det har vore vanskeleg å rekne ut kva reforma kostar, men at talet heilt sikkert er mellom fem og seks milliardar kroner.
– I tillegg blir det jo brukt arbeidskraft internt som er vanskeleg å rekne på. Det er ikkje med i denne rapporten, seier han til avisa.
Økonomane har rekna seg fram til summen ved å legge saman 3,5 milliardar i direkte reformkostnader og 1,6 milliardar for ulike tilskotsordningar etablert i samband med reforma. I tillegg kjem utgiftene til reforma på om lag 0,5 milliardar.
Talet inkluderer ikkje utgifter kommunane har som ikkje blir dekt av staten.
– Det må liggje mykje i summen Jensen har komme fram til. Eg vil ikkje ta stilling til hans reknestykke. Men at det er viktig å bruke både pengar og ressursar på å skape gode velferdskommunar for innbyggjarane for framtida – det stemmer heilt avgjort, seier kommunalminister Jan Tore Sanner (H) til avisa.
(©NPK)