HEILHJARTA: – For å få eit nytt prosjekt oppe å gå, må ein gå heilhjarta inn for det, meiner Sveinung Rotevatn frå Venstre. Her under i vitjing på Svalheim gard, der Rotevatn (i midten), Kurt Jevnaker (t.h.) og Kristoffer Nystedt (t.v.) diskuterte dei økonomiske utfordringane som ligg bak ei ny-etablering. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Økonomisk sikkerheit til gründerar

Kurt Jevnaker i Årdal Venstre ynskjer å leggje betre til rette for at etablerarar får prøve ut sin forretningsidè. 

Ordførarkandidat for Årdal Venstre, Kurt Jevnaker, meiner det er på tide å drøfte kva mogelegheiter ein har som kommune til å støtte opp om gründerverksemd. Sveinung Rotevatn, Venstre sin stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane, seier seg einig i Jevnaker sitt forslag.

– Det er vanskeleg å gå "all-in" i eitt nytt prosjekt i dag om ein ikkje har kapital i ryggen, seier Jevnaker. 

Med ei eiga støtteordning der offentlege midlar vert kombinert med private investorar, vil Jevnaker og Venstre betre vilkåra for ny-etablerarar som ikkje har oppsparte midlar å bruke. 

TIDSMANGEL: Sveinung Rotevatn (V) og Jan Rasmussen (t.h.) i TYA Bakeri drøfta om det er mogleg å gå "all-in" i eit nytt prosjekt om ein ikkje har kapital å lene seg på.
TIDSMANGEL: Sveinung Rotevatn (V) og Jan Rasmussen (t.h.) i TYA Bakeri drøfta om det er mogleg å gå "all-in" i eit nytt prosjekt om ein ikkje har kapital å lene seg på.

Utbytte

Jevnaker føreslår å setje delar av utbyttet Årdal kommune har frå Årdal Energi inn i eit eige fond som skal brukast til å gje gründerar ei økonomisk stønad i startfasen.

– Det er budsjettert med eit utbytte på 10 millionar kroner frå Årdal Energi i 2015, og ein del av dette kan setjast av til ei støtteordning for ny-etablerarar i kommunen, seier han.

Årdal Venstre ynskjer og å leggje til rette for at gründerar kan ta ulønna permisjon frå arbeidsgjevar, slik at etableraren kan gå inn på fulltid med å stable bedrifta på beina. Det er her Jevnaker vil bruke eit lokalt investeringsfond som kan gje økonomisk stønad i den perioden.

Til toppen