VANN PRIS: Anne Lise Hovland Haukadal i «Kroken frukt og bær» vann økoprisen for Hordaland og Sogn og Fjordane for år 2017. Blant tidlegare prisvinnarar frå Sogn finn me verksemda Balholm i Balestrand og Sogn Jord- og hagebruksskule i Aurland.
VANN PRIS: Anne Lise Hovland Haukadal i «Kroken frukt og bær» vann økoprisen for Hordaland og Sogn og Fjordane for år 2017. Blant tidlegare prisvinnarar frå Sogn finn me verksemda Balholm i Balestrand og Sogn Jord- og hagebruksskule i Aurland.

Økopris Vestlandet 2017 til Anne Lise Hovland Haukadal

Prisen har vore gjeve ut kvart år sidan 2005, og den fyrste prisvinnaren var Sogn Jord- og hagebrukskule i Aurland. 

Luster: – Anne Lise har vore flink til å marknadsføra produkta sine gjennom ulike kanalar, både lokalt gjennom gardsbutikk på kaia, bondens marknad, restaurantar, og andre gardsutsal, skriv Oikos Vest, som står bak prisen, i ei pressemelding.

Oikos Vest dekkjer Sogn og Fjordane og Hordaland og er regionlaget til Oikos – Økologisk Norge, ein organisasjon som jobbar for å fremja økologisk landbruk. Medlemene er både forbrukarar og produsentar.

Dei skriv at den vesle sjølvbetente butikken Vetlabui er blitt eit landemerke på kaia i Vetlekroken på sørsida av Lustrafjorden.

Haukadal driv ein økologisk gard saman med mannen sin i Skjolden og haustar inn skogsbær og sopp frå områda kring garden. I tillegg kjøper ho inn bær lokalt frå Sogn. Ifylgje Oikos har ho i mange år vore ein pioner innan økologisk frukt- og bærproduksjon. 

– Lokale økoprodukt i ei tid prega av sentralisering, storproduksjon og kjedemakt

I pressemeldinga vert det synt til ei imponerande liste over økoprodukt ho har produsert, basert på lokale råvarer. 

– Som føregangskvinne har Anne Lise vist korleis ein gjennom målretta og hardt arbeid kan jobba seg inn på marknaden for lokale økoprodukt i ei tid som er prega av sentralisering, storproduksjon og kjedemakt. Ho har vist at det er fullt ut mogeleg å laga kvalitetsprodukt der ein tek vare på eigenarten til desse eineståande råvarene frå fjordlandskapet.

Soleis har Haukadal synt at det er mogleg å skapa interessante arbeidsplassar som bidrag til ei berekraftig bygdeutvikling, heiter det vidare i pressemeldinga.

Til toppen