TEIKN I TIDA: Rektor Aksel Hugo meiner økologisk landbruk må vise veg for framtidas landbruk. Foto: Sogn Jord- og Hagebruksskule
TEIKN I TIDA: Rektor Aksel Hugo meiner økologisk landbruk må vise veg for framtidas landbruk. Foto: Sogn Jord- og Hagebruksskule (Bilde: Sogn Jord- og Hagebruksskule)

Økoskulen får EU-støtte til grøn satsing

Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland har fått pengar frå EU for å satse på økologisk entreprenørskap.

Aurland: Økoskulen er ein av få norske skular som har fått økonomisk støtte til å leie eit toårig internasjonalt ERASMUS+-prosjekt under. Det skriv skulen sjølv i ei pressemelding. ERASMUS+ er utvekslingsprogrammet til EU for studentar. 

– Uansett kvar ein bur handlar økologisk entreprenørskap om å skape ut frå eigne verdiar og ressursar i sampel med andre menneske, eigenarten til staden og trendar i samfunnet, seier rektor Aksel Hugo ved SJH.

Prosjektet skal i hovudsak legge til rette for nettverksbygging og erfaringsdeling mellom ulike aktørar innafor faget frå Sverige, Danmark og England. I tillegg er Universitetet Nord med Senter for økologisk økonomi og etikk med som partnar. Jorunn Barane ved Ressurssenteret på SJH vil bli fagleg leiar. 

– Det økologiske landbruket har ei oppgåve i å vise veg for framtidas landbruk, også når det gjeld koplinga mellom økologi og sosial verdiskaping. At vi nådde fram i konkurransen ser eg som eit teikn i tida, seier rektoren.

Til toppen