Aurland: Ordførar Noralv Distad er over gjennomsnittet interessert i historie. Denne gongen har han dukka ned i historia til jordbruksskulen i Aurland og sett på korleis den vart starta for hundre år sidan.

Det var amtsagronom Jens Lunde frå Aurland som såg behovet for fleire landbruksskular i fylket og han gjekk grundig til verks for å få det til. Læreplanen laga han sjølv.
– Det er heilt imponerande kor detaljert han hadde laga heile planen. Kor mange timar i kvar fag det skulle vere og heile opplegget. Dei var grundige og omstendelege den gongen, konstanterer ordføraren, som har brukt "Nordre Bergenhus Amtstings Forhandlinger" frå 1916 som kjelde.
Les også: For hundre år sidan trudde han elektriske skip var rett rundt hjørnet
Idealistane har dominert
Då skulen vart oppretta, vel og merke etter noko motstand frå sognekommunane, var det på eigedomen til amtsagronomen og med han sjølv som lærar. Lunde vart seinare ordførar i Aurland og var det når krigen braut ut. Seinare vart han òg stortingsrepresentant for Bondepartiet.

– Det som kjenneteiknar Jens Lunde var iveren etter å løfta fram jordbruket og yrkesgruppa ved å byggja opp kompetansen og kunnskap. Det låg naturlegvis til jobben hans, men i tillegg til å vera ein fagmann, så var han nok òg ein sterk idealist, seier Distad.
Idealistar har det vore fleire av opp gjennom åra og dei har vore naudsynte. Utan idealisme er det ikkje godt å seie korleis det ville ha enda, for skulen har vore trua med nedlegging opptil fleire gonger. På åttitalet såg rektor Kåre Torvik moglegheitene ved å leggje om til økologisk landbruk og få skulen til å verte ei landsline.
– Det vart nok redninga, men det var framleis store utfordringar knytt til ein utdatert bygningsmasse og lågt elevtal. Dei omstilte seg og tenkte nytt, men arbeidde på mange måtar i motbakke. Dei skal ha honnør, det var ingen som gav opp, seier Distad.
Framtida ser lys ut
Ordføraren var sjølv ein viktig talsperson då skulen på ny var trua for to år sidan. Til slutt vart eit spleiselag berginga og dei tredve millionane som var naudsynte for å ruste opp og drive skulen vidare vart samla inn.
– Skulen sit på ein kunnskap samfunnet treng og forbrukarane etterspør. Stadig fleire vil ha rein og økologisk dyrka mat. Sjølv om det tradisjonelle landbruket framleis dominerer, så har det der òg blitt eit mykje større miljøfokus dei siste åra. Ein skule med slik kunnskap blir dermed òg verdifull for dei som driv tradisjonelt. Alt dette har ein stor verdi for landet, seier Distad.
I jubileumsåret føler ordføraren at nedleggingsspøkelset er så godt som vekke, eit tilbakelagt kapittel. Opprustinga av skulen skal vere ferdig i løpet av året, søkjartala er gode og optimismen rår.
– Skulen er eit lysande eventyr og eit monument over folk som torer å sjå framover, seier Distad.