JOURNALIST: Ola Weel Skram (t.v) er ny journalist i Porten.no. Her frå tida som journalist i NRK.
JOURNALIST: Ola Weel Skram (t.v) er ny journalist i Porten.no. Her frå tida som journalist i NRK. (privat)

Ola (29) er ny digitalleiar og journalist i Porten.no: – Det er veldig kjekt 

Etter to år i rikskringskastinga, er Ola Weel Skram klar for å flytte heim.

Sogndal: Onsdag er det offisielt. Sogningen Ola Weel Skram er fast tilsett som digitalleiar og journalist i Porten.no. 

– Det er veldig kjekt, no er katta ute av sekken, seier han oppglødd. 

Dei siste to åra har han vore tilsett i distriktskontoret til NRK i Førde. Først som ein del av NRK Sogn og Fjordane, så i NRK Vestland.

Der har han jobba med fleire prosjekt, mellom anna Klassequizen. I samband med fylkesamanslåinga gjekk Skram småviralt med "Sogn og Fjordane songen" 

Som digitalleiar og journalist, vil han i tillegg til dei journalistiske oppgåvene, ha ansvar for å fremje dei digitale moglegheitene i Porten.no. 

– Eg vil bidra med den kompetansen eg har med meg frå tidlegare. Fleire lokalaviser ønskjer å betre seg og utvikle det fleirmediale. Det er veldig spennande, vi kan formidle nyheiter på fleire plattformar samtidig, sier han. 

Mastergrad i psykologi

Sjølv om han i dag jobbar som journalist, har ikkje det alltid vore planen. 

Frå før har Skram ein bachelor i statsvitskap, eit årstudium i filosofi og ein mastergrad i businesspsykologi.

Likevel har utdanninga vore viktig for yrket som journalist. 

MUSIKK: På fritida bruker Ola Weel Skram brukt mykje tid på musikk. På nyåret er han klar med ny musikk. Foto: privat

– Eg har brukt mykje av det eg har spesialisert meg på. Både i møte med kjelder og i anna arbeid, seier han. 

Etter han var ferdig med masterutdanninga, kom han tilfeldig over nynorsk mediesenter gjennom ein kamerat. Skram søkte, og eit tilbod kom på bordet. 

– Eg tenkte eg ikkje hadde ein sjanse. Men eg vart tilbudt plass, og alt gjekk veldig fort.

– Nysgjerrig type

Etter to månadar med opplæring var han ute i jobb, og sidan den gong har han fungert som journalist. Det angrar han ikkje på i dag.

– Eg er ein veldig nysgjerrig type. Eg er glad i å høyre historiene til folk. Det er noko av det spesielle du får som journalist. 

I tillegg kjem det godt med å ha stor stor interesse for samfunnsliv og sport.

– Det å sitje heilt for seg sjølv på eit kontor, er ikkje noko for meg. Eg må ut og vere kreativ, seier han. 

Til toppen