KONSTITUERT: Sogndølen Ola Weel Skram er midlertidig redaktør i Porten.
KONSTITUERT: Sogndølen Ola Weel Skram er midlertidig redaktør i Porten.

Ola (29) har inntatt rolla som konstituert redaktør i Porten

– Eg gler meg til å kome på jobb kvar einaste dag, seier den energiske sogningen.

– Ei spanande tid, og ei utruleg spanande oppgåve, seier Ola Weel Skram (29), som førebels har teke over redaktørhatten i Porten.

Tidlegare redaktør Synne Asheim Haga er på veg over i ny jobb, men held fram som dagleg leiar, enn så lengje.

Erfaring

Skram gjekk på medielinja på Sogndal VGS, har studert samanliknande politikk og har ein mastergrad i businesspsykologi. Dei siste åra har han vore i NRK, kor han mellom anna har vore programleiar for Klassequizen. Han kom inn som digitalleiar i Porten i november.

Med seg på laget får han Kyrre Fitje, som blir vaktsjef.

– Det gode samarbeidet saman med han, og resten av journalistane i sving, er mykje av grunnen til at eg stortrivst i Porten, seier han.

LEIAR: Kristine Haglund tar på seg fleire av leiarrollene i Porten framover. Foto: Synne Asheim Haga

Den vesle redaksjonen har opplevd store endringar dei siste månadane, både med måten dei jobbar på i kvardagen, men også med utskiftingar i staben.

Me er klare til å løfte saman

Kristine Haglund

Prosessen med å tilsetje redaktør permanent er snart over, men enn så lengje takkar Skram takkar for tilliten og iveren han kjenner på frå styret.

– Me har fått indikasjonar frå styret om at dei har stor tillit til det som skjer no. Me opplever mange smilande fjes i Porten om dagen, seier han.

REDAKTØR: Ola Weel Skram blir å sjå meir i Portenbilen framover Foto: Kyrre Fitje

Ikkje i mål

Sjølv om den noverande redaksjonen siktar høgt, ønskjer han å understreke for Porten-lesarane om at avisa vil halde mykje av den same forma i tida som kjem.

– Det blir ingen revolusjon. Det er ikkje min jobb. Men me skal stake ut ein ny kurs, og setje oss nye mål. Me har fått ei viktig kultur- og strukturendring på plass og er på veg dit me ønskjer.

– Samstundes må me vere opne om at me har forbetringspotensial og kan løfte oss fleire hakk til, som organisasjon. Det er det me jobbar mot, seier han.

Rett tidspunkt

Utgåande redaktør Synne Asheim Haga legg ikkje skjul på at det er vemodig å gå frå avisa ho har levd og anda for i fire år. Men ho ser på det som ei naturleg utvikling.

– Eg er frykteleg stolt over det me har fått til. Ola har ein energi, og eit fokus som gjer at eg er sikker på at det blir ein kjempefin overgang.

GULINGANE: Vilde Grimelid Oppedal (t.v.) kom inn i Porten for å satse på heile Sogn. Den satsinga held fram. Redaktør Synne Asheim Haga har stått bak satsinga. Foto: Arkiv

Årdølen Kristine Haglund (28) tar over som kommersiell leiar på fast basis, og får fleire leiarroller. Asheim Haga har stor tru på den nye leiarduoen.

– Kristine har allereie vist at ho har ein kjempenergi. Me har den største stillingspakka i fylket. Det er mykje takka vere arbeidet ho har gjort, seier ho.

– Klare til å løfte saman

Haglund er travel som alltid, men seier i ein kort kommentar på kontoret at ho er klar og motivert for rolla.

– Me er klare til å løfte saman. Det er mykje positivt som går føre seg her hjå oss, seier ho.  

ERFARING: Kyrre Fitje trivest med moglegheit til å få nye utfordringar i Porten. Foto: Ina Christin Løvseth

Haglund kjem til å halde fram på hovudkontor i Årdal. Skram bur i og kjem frå Sogndal, og kjem difor til å arbeide derifrå.

– Blir Porten ei sogndalsavis no? 

– Det blir me absolutt ikkje. Porten skal vere å sjå i Årdal kvar veke, og har eit viktig hovudkontor der. Samstundes vart det vedteke for nokre år tilbake at me dekkjer heile Sogn, frå Sognesjøen i vest til Hurrungane i aust. Porten skal vere fleksible og på vegen, i heile Sogn, seier Skram.

Til toppen