I MINKFJØSEN I LÆRDAL: Olav Haugen driv den siste pelsfarmen i Indre Sogn. Kvar dag legg han halm oppå  avsatsen attmed bura. Kvar mink har sitt eige reir eller ból der han held til. Minken brukar halmen som reirmateriale. Buret bak er minken sitt «friområde», og det er i to etasjar slik at han skal kunne klatra og boltra seg litt. Foto: Privat.
I MINKFJØSEN I LÆRDAL: Olav Haugen driv den siste pelsfarmen i Indre Sogn. Kvar dag legg han halm oppå avsatsen attmed bura. Kvar mink har sitt eige reir eller ból der han held til. Minken brukar halmen som reirmateriale. Buret bak er minken sitt «friområde», og det er i to etasjar slik at han skal kunne klatra og boltra seg litt. Foto: Privat.

Olav Haugen er den siste pelsdyrfarmaren i Indre Sogn. Regjeringa vil stogga verksemda hans

Pelsdyrfarmaren meiner det er synd å gjera slutt på pelsdyrnæringa her til lands no når det har kome på plass nye velferdstiltak dei siste åra. 

Lærdal: – Eg er ikkje det minste overraska over vedtaket, med tanke på kven dei har samtala med. Me er ei lita næring, og då er me lett offer for hestehandel, seier Olav Haugen, minkfarmar i Lærdal. 

I helga kom det fram at Venstre har gått i regjering med FrP og Høgre. Eit av Venstre sine hovudkrav i forhandlingane var å stogga al av pelsdyr.

Då regjeringstingingane var over fortalde partileiar Trine Skei Grande i Venstre til NRK at ho aldri trur partiet ville greitt å avvikla norsk pelsdyrnæring om det ikkje var for at dei valde å gå i regjering.

Det er so godt som heilt sikkert at innstillinga til regjeringa vil få eit klart fleirtal i Stortinget. Jonas Gahr Støre i AP har alt uttalt at han stør framlegget. Skulle likevel AP gå i mot, vil det vera nok for regjeringa med tilslutning frå SV for å få fleirtal. Sosialistpartiet er like klare som Venstre på motstanden mot pelsdyrfarmar.

Arbeidsplassen til bestefar, far og son 

Arbeidsplassen til Olav Haugen har gått i arv frå bestefaren hans og faren hans. 

– Er det heilt sikkert at du må leggja ned?

BUR ÅLEINE NÅR DEI VERT ELDRE: Kvalpane vert fødde i mai, og er fyrst med mor si i åtte veker. So bur dei to og to i same bur, helst to av ulike kjønn. I desember er dei vortne so gamle at det er best dei får kvart sitt bur, fortel Olav Haugen. Denne minken bur for seg sjølv. Her er han i andre etasje i buret, men snuten er nede i fyrste etasje og helsar på farmaren. Foto: Olav Haugen

– Eg veit ikkje enno. Dette vedtaket er ferskt. Eg lyt sjå etter kvart om det kjem ei overgangsordning på plass, og kva vilkår me får. 

Han meiner det er ekstra dumt at dette vedtaket kjem no. Pelsdyrbransjen har dei siste åra tilpassa seg eit strengare regelverk. Mellom anna har farmarane tilpassa bura for at det skal vera færre dyr per bur.

– Det mest tragiske oppi dette er at me i januar i 2017 fekk ei godkjenning i stortinget for berekraftig utvikling. Og mindre enn eitt år seinare stryk regjeringa oss bort. 

Haugen meiner det er ein tankekross at det han kallar den mest kontrollerte næringa innan norsk landbruk vert avvikla.

– Og då mattilsynet hadde ein runde på Rogaland og såg på svinehaldet der, so fann dei avvik stort sett på alle gardane. 

Ein annan ting Haugen reagerer på, er måten Mattilsynet opererer på når dei tel opp avvik. Dersom dei finn eit hól i eit yttergjerde på ein pelsdyrfarm, so vert det rapportert inn som eitt avvik. Dersom dei kjem over vanskjøtte dyr, so vert det rekna som eitt avvik.

Han meiner at alvorsgraden i kvart einskilde avvik burde telja mykje meir enn det samla talet på småavvik. Men for Mattilsynet er det berre dette samla talet på avvik, små og store, som gjeld, hevdar Haugen.

Sjølv har han hatt ting på stell. 

– Eg har drive med minkfarm i 21 år og aldri hatt eit avvik, og det er eg stolt over.

– No vert det endeleg slutt på dette helvetet, seier dyrevernleiaren

Leiaren for Dyrevernlaget Indre Sogn, Randi Aarethun, er svært glad for sundagens melding frå regjeringa. 

VIL IKKJE HA PELSDYR I BUR: Randi Arethun i Dyrevernlaget Indre Sogn seier det ikkje er eit godt argument for å driva pelsdyrfarm at det vert fleire pelsdyrfarmar i utlandet om norske farmar vert nedlagt. «Noreg har hengt etter andre land, som har forbydt pelsdyroppdrett lenge før oss,» seier Aarethun. Foto: Privat.

– No vert det endeleg slutt på dette helvetet. Dyra lever i konsentrasjonleir i bur for å verta pels, eit luksusprodukt me ikkje treng. Dette er ein stor siger for oss som har kjempa utrøytteleg i eit par tiår no for å få ein slutt på dette. Og framfor alt er det ein stor siger for dyra.

Aarethun meiner det seier mykje om ein nasjon kva for dyrehald det er i landet.

Pelsdyra har vorte frårøva livet. Hjarto deira slår, men alt anna enn hjarteslaga har vorte frårøva for at dei skal verta pels.

Dyrevernleiaren har sjølv vore og sett pelsdyr i bur, og tykte det var hjarteskjerande.

– Det gjeld å hugsa på at desse dyra har sine behov, og at dei er levande vesen og ikkje ting. Me må aldri gløyma at dei opplever redsle, skrekk og elles kan oppleva alle dei same kjenslene som me menneske. 

– Dersom farmarane kan ala opp dei dyra som er best tilpassa eit liv på pelsfarm, er det då like ille som om eit villdyr teke rett frå naturen hadde sete i bur?

– Dei vil aldri få pelsdyra so tamme som dei ynskjer. Revar og minkar er ville dyr, fødde med ei åtferd som tilseier at dei ikkje kan ha det godt i eit bur uansett. Men om so farmarane hadde fått revane tamme som hundar, ville det likevel vera dyreplageri å ha dei i bur heile livet. 

Aarethun viser til at professorar på dyreåtferd, EU sin vitskaplege komite og ei rad andre faglege instansar har synt til at pelsdyr vantrivst i bur. Og ho viser og til at fleirtalet av nordmenn er i mot pelsdyrhald. 

Haugen meiner at forskarar har synt at minken trivst veldig godt i bur

Haugen seier den amerikanske minken som har vore i Noreg i over hundre år gradvis har tilpassa seg livet i bur. Især dei siste tjue åra har det vore drive målretta al på dei minkane som er best tilpassa eit liv i fangenskap. 

Sjølv har han sett at minkane hans har vorte mykje meir tillitsfulle og nyfikne av seg no enn då han byrja å ala på dei for 21 år sidan. 

– Forsking syner at mink trivst veldig godt i bur. På hundre år veks det til hundre nye generasjonar, og minkane vert meir og meir tilpasningsdyktige for kvart år som går. Kyr derimot, fornyar seg kvart tiande år, seier han. 

Haugen kallar det «horribelt» at regjeringa berre kan forby ei heil næring. 

– Dersom dei meiner at me driv med dyremishandling so må dei dokumentera det. Men det greier dei ikkje. 

– Kva seier du til den dokumentarfilmen som kom fram, der det vart avdekt at ikkje alle pelsdyrfarmar i landet driv slik dei burde?

– Det var ein storm i eit vassglas. Norges pelsdyralslag har talmateriale på førekomsten av skadde dyr og anna elende i pelsdyrnæringa. Me har tre årlege veterinærinspeksjonar i tillegg til at me har Mattilsynet som kjem på stadige umelde inspeksjonar. So driv staten synsing og avviklar næringa basert på det. 

– Synest du det var kritikkverdig det som kom fram?

– Sjølvsagt er det kritikkverdig. Men folk lyt vera klar over at so lenge me har husdyr, so kan ting skje, anten på kort sikt eller lang sikt. So må me ta tak i det når det skjer, slik Mattilsynet har gjort. 

Pelsfarmaren meiner derimot at heile næringa har fått svi for einskilde lovbrott. 

– Dei som bryt lova må få sine sanksjonar. Men dei siste ti åra har me sett døme på at når èin farmar har forsømt seg lite grann, so vert heile næringa skore over ein kam og fordømt. 

– Pelsdyrfarmane har vore gode kundar for slakterinæringa

Haugen minner om at pelsdyrnæringa årleg konsumerer om lag 50 millionar kilo med slakteavfall. Han ser for seg at dette slakteavfallet vil verta køyrt til Polen og Aust-Europa i framtida, når næringa vert avvikla i Noreg. 

– Hjå oss kan det vera to til tre dyr i kvart bur, men i Aust-Europa er grensa gjerne fem til seks dyr. God dyrevelferd i Noreg vert fjerna, og so vert næringa i staden eksportert til austblokklanda

Randi Aarethun i Dyrevernlaget Indre Sogn går ikkje god for denne argumentasjonen. 

– Slakteavfallet kan nyttast til biogass, til olje og til menneskeleg konsum. Det er berre fire prosent av slakteavfallet som i dag vert nytta til pelsdyrfôr. Norsk pelsdyrbransje marknadsfører seg aktivt i Aust-Europa, og om me avviklar næringa i Noreg, so vil me ikkje lenger bidra til å auka etterspurnaden i utlandet. 

Til toppen