Lærdal: – Det kan ikkje bli betre stemning enn det er i Lærdal no. Alt ligg til rette for ein upåklageleg kveld, seier Olav Stedje, etter han er ferdig med lydprøva før kveldens opptreden på Jordeplerock.
Fyrst dei gamle, så dei unge
Olav Stedje er ein av mange flinke musikantar som er grunnen til at folk reiser til Lærdal denne helga.
– Eg blir audmjuk når eg høyrer folk kjem for å høyra på meg, seier han. Eg håpar både årdøler, lustringar, lærdøler og andre finn vegen hit.
Fredag spela Plumbo, Frida Hunshammer og Plumbo, før Olav Stedje går på scena mellom Ausekarane og Julie Bergan i kveld.
– Det er vel flott, fyrst går gamlekarane på scena og så kjem Julie Bergan og toppar lista, seier han og smiler.
Nøgd med miksen av artistar
Ein av sju arrangørar, Torgeir Skjerdal, er nøgd både med Olav Stedje og resten av artistane dei har på plakaten under årets festival.

– Me har ein god miks og noko for alle her. Når me bestemmer artistar har me kategoriar som me må oppfylla. Rotlaus trekker nokon, Ausekarane nokon, og Julie Bergan nokon. Festivalen skal ikkje berre vera for ungdomar men folk i alle aldrar, og i år tykkjer eg miksen vår er veldig artig, seier Skjerdal.
Stigande besøkstal
Festivalen har heilt klart auka i popularitet dei siste åra, det syner besøkstala.
– For seks år sidan var det 800 totalt innom, medan i fjor var det 2600 innom, fortel Skjerdal nøgd.
Han legg ikkje skjul på at det hadde vore kjekt å få like mange innom dørene i år.
– Så langt ser det bra ut då 1300 var innom fredagen, og me blir veldig nøgde om det kjem like mange som i fjor. Likevel blir me ikkje skuffa om talet er litt lågare heller, for 2600 er eit veldig bra tal.
Populær matmeny med jordeple
På Jordeplerock er det ikkje berre musikken som slår ann for dei festivalglade.
– Maten vår består utelukkande av rettar med jordeple, potet, og det mest populære er bakt jordeple med kryddersmør og mais. Den er så god, seier Skjerdal.

Eline Hestetun kjem innom for å kjøpa seg bakt jordeple og blir smått skuffa då salet ikkje er starta endå.
– Det er den beste bakte poteta eg har smakt, og det kryddersmøret gjer heile retten, seier Hestetun, som gler seg mest til Julie Bergan skal opptre.