LYSE, TRIVELEGE LOKALE: Trenden i tida for ein heim er lyse, romslege lokale - slik får også sauene til Ole Magne Skårheim det no når dei har flytta inn i nye fjøsen. Foto: Ole Ramshus Sælthun
LYSE, TRIVELEGE LOKALE: Trenden i tida for ein heim er lyse, romslege lokale - slik får også sauene til Ole Magne Skårheim det no når dei har flytta inn i nye fjøsen. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Ole Magne sine sauer har fått flunkande ny heim

Vonleg såg ikkje bebuarane i den nye sauefjøsen på Borgund kva det store gjestebodet av tobeinte åt under den store sauefjøsopninga.

Lærdal: Ordføraren klipte den raude snora som var strekt mellom to av gardane i den nye fjøsen, bønder frå Lærdal og nabobygdene, pluss politikarar og representantar frå fleire landbruksorganisasjonar var samla - og eit nydeleg måltid vart servert.

Av heilgrilla lam.

Ja, bonden sjølv tykte nesten det vart i overkant.

–  Det var no triveleg at de ville koma hit og laga ein dag for meg. Eg tykkjer vel nesten det er litt mykje, sa Ole Magne Skårheim.

– Mange meinte eg ikkje var heilt normal

Det blir satsa på sau i Årdal, Lærdal og Aurland. Eit fireårig prosjekt for å stimulera til sauesatsing - «Sau og utmark» - har vore gåande i dei tre kommunane og fleire nye fjøsar blir bygd i desse dagar. Den første ferdigstilte av desse vart altså opna på Bjøraker på Borgund torsdag.

– Mange meinte nok eg ikkje var heilt normal då eg slo ned gamle uthuset, for det var mykje godt att i det, sa Skårheim.

Artikkelen held fram under biletet

OFFISIELT: Ordførar Jan Geir Solheim stod for den offisielle opninga av sauefjøsen med kapasitet på 242 vinterfôra sau, Ole Magne Skårheim sjølv til høgre for han. Styreleiar i prosjektet «Sau og utmark» Erling Offerdal heilt til venstre og Bjørn Havro, representant i kommunestyret i Årdal (Sp), heilt til høgre.
OFFISIELT: Ordførar Jan Geir Solheim stod for den offisielle opninga av sauefjøsen med kapasitet på 242 vinterfôra sau, Ole Magne Skårheim sjølv til høgre for han. Styreleiar i prosjektet «Sau og utmark» Erling Offerdal heilt til venstre og Bjørn Havro, representant i kommunestyret i Årdal (Sp), heilt til høgre.

Men slik vart det, altså. Han hadde fundert ei stund, då, Ole Magne - skulle han byggja på gamlefjøsen eller laga heilt ny? Ein avgjerande faktor vart investeringsmidlar.

– Eg legg ikkje skjul på at midlane frå Innovasjon Norge hadde mykje å seia. Hadde det ikkje vore for dei spørst det nok om eg hadde vald å gjera det slik.

Han fekk 790 000 kroner i IBU-midlar (Investering og bedriftsutvikling i landbruket) til fjøsen med eit kostnadsoverslag på 3,4 millionar kroner, pluss moms.

Har bygd for framtida

Då gjekk han i gang - med stor eigeninnsats frå seg sjølv og familien.

– Margaret Thatcher er nok ikkje død heilt enno - eg har styrt dette med jernhand, sa Skårheim - til humring og brek frå fjøsen.

Så - kvifor slå ned eit uthus med mykje godt att? For framtida, forklara Skårheim:

– Eg håpar på drift her etter meg. Eg har ikkje pålagt dei det, men eg håpar. Om det blir drift med femti, hundre eller to hundre sauer er ikkje så farleg - det viktigaste er at det er drift. Og eg har ikkje tenkt å rusla rundt med drifta her så mykje etter eg er sekstito. Eg kan alltids fôra sauene, med ei oppseiingstid på to timar.

Artikkelen held fram under biletet

FULL FJØS: Bønder frå alle dei tre kommunane, politikarar og representantar frå landbruks- og næringsorganisasjonar var med på opninga av fjøsen.
FULL FJØS: Bønder frå alle dei tre kommunane, politikarar og representantar frå landbruks- og næringsorganisasjonar var med på opninga av fjøsen.

– Skal vera drift på ein gard

For på ein gard skal det vera drift, meiner Skårheim - å ta over berre for å sysla med til dømes friluftsliv i utmarka tilhøyrande bruket har han ikkje stor sans for.

– Ein kan ha fleire driftsformer, men me må ha landbruket oppe og gå i bygdene. Er ein berre interessert i jakta og fisket kan ein byggja seg eit hus i eit bustadfelt og leiga jakt og fiske.

Den store vinsten med den nye fjøsen hans er ein enklare kvardag når det kjem til fôring. Denne biten er ikkje heilt på plass, men etterkvart skal det koma opp skinner i taket og frå den skal det henga ei innretning som kan styrast rundt i fôringsgangane og fordela ut fôr til sauene.

– Fôringa bør ta minst mogleg tid; dei som tek over må nok ha jobb utom, det vil ikkje gå an å leva av desse smågardane i framtida. Då må dei fôra når dei kjem heim frå arbeid. Dessutan er det i paringa på hausten og lembinga på våren ein skal bruka mykje tid i fjøsen - det er dette arbeidet som legg grunnlaget for inntekta.

Artikkelen held fram under biletet

NØGDE: Kor vidt ein sau er nøgd er ikkje heilt lett å seia, men noko anna ville vera særs kravstort.
NØGDE: Kor vidt ein sau er nøgd er ikkje heilt lett å seia, men noko anna ville vera særs kravstort.

– Er det noko ein bør satsa på, så er det sauenæringa

Sjølve opninga stod ordførar Jan Geir Solheim for - eit raudt band trekt mellom to gardar vart klipt over og Skårheim fekk blomar og diverse gåver frå representantar frå medarrangørane av fjøsopninga - Nortura og «Sau og utmark»-prosjektet.

Ordførar Solheim var full av lovord om sambygdingen.

– Eg er ekstra stolt over at den første nybygde fjøsen i samband med prosjektet blir opna her på Borgund. Moglegvis hadde du bygd den uansett, men eg håpar og trur prosjektet har bidrege til at du starta med dette.

Vidare meinte Solheim fleire no bør gjera som Skårheim:

– Er det noko ein bør satsa på, så er det sauenæringa. Den gir arbeidsplassar, eit flott produkt held utmarka vår open.

Artikkelen held fram under biletet

MAT FOR MONS: Dei frammøtte fekk forsyna seg av eit svært lokalt produkt - med rikeleg tilbehør.
MAT FOR MONS: Dei frammøtte fekk forsyna seg av eit svært lokalt produkt - med rikeleg tilbehør.

Håpar å utvikla produkt av sau frå kommunane

Det er gitt midlar frå Innovasjon Norge til bygging av tre sauefjøsar i dei tre kommunane - to i Lærdal og ein i Årdal. I tillegg er fleire fjøsar restaurerte. Midlane blir gitt utifrå kor mange vinterfôra sauer som skal inn i fjøsen og ein driftsplan må liggja til grunn. 

Erling Offerdal har vore styreleiar i prosjektet «Sau og utmark» og kunne avsløra at dei satsar på å få til noko på foredlingssida.

 – Eit eige produkt frå sauenæringa i dei tre kommunane.

Svært kortreist mat fekk i alle fall dei som var med på fjøsopninga på Borgund - eit heilt lam vart grilla i tunet og servert med rikeleg og varierte tilbehør inne i fjøsen.

Sjølvsagt i god avstand frå sauene som spankulerte lukkeleg og uvitande rundt i gardane sine. 

HEILGRILLA: Utanfor fjøsen vart lammet heilgrilla.
HEILGRILLA: Utanfor fjøsen vart lammet heilgrilla.
Til toppen