Illustrasjonsfoto: Wikimedia Commons/ Erik Christensen
Illustrasjonsfoto: Wikimedia Commons/ Erik Christensen

Oljenedturen forplantar seg

Oljenedtur, svak kronekurs og svakare utvikling og tru på framtida på tvers av sektorar bidreg ikkje til optimisme blant bedriftene på Vestlandet. Utviklinga dei tre siste månadane gjer at Vestlandsindeks fell til eit nytt botnnivå. 

Måla for korleis bedriftene i dei fire fylka på Vestlandet har opplevd dei tre siste månadane og forventningar for neste halvår er på sitt lågaste sidan Vestlandsindeks vart lansert i 2012. 

PÅ BOTNNIVÅ: Konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik i Sparebanken Vest. Pressefoto
PÅ BOTNNIVÅ: Konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik i Sparebanken Vest. Pressefoto

– Funna i Vestlandsindeks indikerer at etter fleire kvartal på rad med negativ utvikling, kjem til uttrykk gjennom ei svekka tru på framtida, seier konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik i Sparebanken Vest i ei pressemelding. 

Ikkje berre for olje- og gass

No er det ikkje berre bedrifter knytt til olje- og gassektoren som pilane peikar nedover for. I tredje kvartal av Vestlandsindeks ser ein at utviklinga forplantar seg vidare til andre delar av fastlandsøkonomien som ikkje er olje- og gassrelatert. 

Og sjølv om ein svekka norsk kronekurs kan virke som ein positiv støytdempar for norsk økonomi, tyder ikkje funna i Vestlandsindeks at effekten er sterk nok til å demme opp for svakare oljerelatert nedgangskonjunktur, fortel Fresvik.

Vanskelegare å få seg jobb

Dei negative ringverknadene av ein svakare oljesektor kjem til syne som venta i oljerelaterte selskap, men også blant andre bedrifter. Fresvik er uroa over at det no er færre bedrifter som forventar å auke talet på årsverk i tida framover. 

Ho fortel at dei negative ringverknadane av ein svakare oljesektor spesielt kjem til syne når ein ser på kva bedrifter som har redusert bemanninga. Forrige kvartal var det 23 prosent, no ligg talet på 17 prosent, noko som syner at mange som er ute på arbeidsmarknaden går ei krevjande tid i møte. 

Ventar investeringane vil gå ned

Til no har utviklinga i investeringar i 2015 vore stabile, men forventningane til investeringar dei komande seks månadane går ned. Fresvik forklarar at dette sjølvsagt ikkje er positivt for den langsiktige verdiskapinga på Vestlandet, då færre bedrifter planlegg å gjera investeringar. 

Men sjølv om norsk økonomi er i ferd å bli ramma av ein nedgangskonjuktur grunna lågare etterspurnad, er det naturleg at nokon bedrifter utsett investeringar, medan andre går motsett veg og nyttar ei slik tid til å ruste seg for framtida. 

– Me trur at bedrifter med solide finansielle reservar og god likviditet kan dra nytte av den tida me er inne i no til å reinvestere i eiga bedrift. På den måten kan dei styrke si relative konkurransekraft, og i sterkare grad sikre framtidige vekstmoglegheiter og lønsemd den dagen konjukturane snur, seier Fresvik. 

Til toppen