OLJE: Det ligg oljesøl i sjøen i Sløvåg.
OLJE: Det ligg oljesøl i sjøen i Sløvåg. (Foto: Tipsar)

Oljesøl i Sløvåg etter uhell hos Wergeland-Halsvik

Det ligg onsdag ettermiddag oljesøl i hamnebassenget i Gulen industrihamn etter eit uhell hos Wergeland-Halsvik AS. – Me er veldig leie oss for det som har skjedd, seier konsernsjef i verksemda.

Gulen: Det er onsdag ettermiddag registrert oljesøl i sjøen ved Sløvåg. Ifølgje brannsjef for Gulen og Masfjorden, Sigvald Kvinge, er årsaka eit uhell med overfylling av ein tank hos verksemda Wergeland-Halsvik AS. 

– Det er slept noko oljehaldig avfall på sjøen. Dette skal i utgangspunktet vere eit ufarleg oljeprodukt, men verksemda må gjere noko med det, og held på å ordne opp, seier Kvinge. 

Det skal blant anna vere lenser og sugebilar på staden for å få opp att oljen. 

Held oppsyn

Ifølgje Kvinge vil brannvesenet kontinuerleg halde oppsyn med oppryddinga. 

– Verksemda har kompetanse og utstyr til å handtere dette, men me vil følgje opp til ureininga er ordna opp i, seier brannsjefen. 

Utsleppet har så vidt han kjenner til ikkje råka fugle- og dyreliv i området. 

– Eg trur ikkje dette vil gje varige skader, seier Kvinge. 

Han forstår det slik at utsleppet vart oppdaga tidleg på føremiddagen onsdag. Kystverket og brannvesenet vart varsla. 

Skal granske internt

Dagleg leiar i Wergeland-Halsvik, Irene Kjelby Wergeland, seier at ho sjølv er på reise og difor ikkje har den fulle oversikt, men er orientert om kva som har skjedd. 

– Me er veldig leie oss for det som har skjedd. Me kjem til å granske internt kva som har skjedd, men først må me rydde opp. 

Wergeland seier at det er ein vassemolusjon med olje som har blitt slept ut etter overflømming på ein oljeavskyllar, der noko gjekk i sjøen. 

– Me sette i gang strakstiltak og gjorde det me måtte gjere, og varsla dei naudsynte etatar. Me anslår at dette er eit mindre utslepp, og skal forsøke å minimere skaden, seier ho. 

I morgon startar verksemda ein gjennomgang på kvar svikten har vore. 

– Me kan berre beklage. Informasjonen eg har fått er at situasjonen er under kontroll, og at kystverket og kommunen er nøgde med det me har gjort så langt, seier Wergeland.

Til toppen