OLJESØL: Onsdag lekka det olje ut frå ein lokal turistbåt i Flåm. Statens naturoppsyn seier dei ikkje er uroa for at det er fare for sjøfugl.
OLJESØL: Onsdag lekka det olje ut frå ein lokal turistbåt i Flåm. Statens naturoppsyn seier dei ikkje er uroa for at det er fare for sjøfugl. (Bilde: Arne Veum)

Oljeutslepp i Flåm: – Merkbart på lukt og det visuelle

Onsdag lekka det ut olje frå ein lokal turistbåt i Flåm.

Aurland: - Status er at det føregår oppryddingsarbeid. Brannvesen er kopla inn og har fått ut oljelenser fortel assisterande hamnesjef i Aurland hamnevesen, Jon Olav Stedje

Sogn Avis melde først at i 11.00-tida onsdag oppdaga folk frå hamnevesenet at det vart sleppt ut olje frå ein båt i hamna. Heile hamnebassenget, og sæleg området rundt Flåm Marina, vart ramma.

– Statens Naturoppsyn var tidleg på plass og var med på inspeksjon saman med hamnevesenet og kommunen. Naturoppsynet er ikkje bekymra for at det er fare for sjøfugl, seier Stedje.

– Kor mykje er det snakk om?

– Det er vanskeleg å anslå fordi det er stor blanding mellom vatn, olje og diesel. Men det merkast med lukt og på det visuelle.

Utsleppet kjem frå ein lokal turistbåt etter at ein i mannskapet opna ein ventil som ikkje skulle opnast. Utsleppa kjem altså ikkje frå cruiseskip.

Stedje fortel mannskapet i ettermiddag vil avslutta oppryddingsarbeidet for dagen

– Men sjølvtiltrekkjande lenser blir liggjande ute, så kjem ekspertise frå Florø i morgon for å vurdera kva me bør gjera vidare.

Til toppen