PÅ HØGGIR: I sommar måtte Tya Bryggeri jobba på høggir for å halda tritt med øltørste årdøler. Foto: Ina Eirin Eliassen (Arkiv).
PÅ HØGGIR: I sommar måtte Tya Bryggeri jobba på høggir for å halda tritt med øltørste årdøler. Foto: Ina Eirin Eliassen (Arkiv).

Ølprodusenten i Årdal sette ny rekord i sommarvarmen

Syden-vêr og fotball-VM får mykje av takka.

Årdal: – Det er ein veldig god kombinasjon for øl, seier Arnt Erik Henjum, som eig Tya Bryggeri saman med Tom Hellebø.

Det han snakkar om er sol og fotball, to faktorar som kvar for seg kan lokka fram øltørsten hos dei fleste. I år kom fotball-VM i Russland på toppen av tre månader i strekk utan ei sky på himmen.

Då fekk tappekranene køyrt seg.

– Me merka det spesielt i baren her i Årdal, at det var mykje fleire gjester, seier Henjum.

Les òg: Målrock lanserte festivalpils

EI EKTE ØLSJEL: Balder Brygg på Leikanger har selt meir øl lokalt i sommar, medan resten av landet har lege på normalen, opplyser medeigar Øystein Meland.

Ikkje alle merkar same effekten

Til vanleg sel dei rundt fem tusen liter øl på ein månad. I juni selde dei over åtte tusen, noko som er ny rekord. 

– For oss har det vore ein veldig bra sommar, seier bryggerimeisteren frå Årdal.

Dei to andre lokale produsentane i Sogn, Balder og Ægir, har ikkje merka effekten like sterkt.

– Me merkar det på nokre spesielle plassar, særleg i vårt eite nedslagsfelt, Sogn og Fjordane, seier Øystein Meland i Balder Brygg på Leikanger.

– Men ellers i landet kan det verka som det er den vanlege industripilsen dei stort sett puttar i seg når det varmt. Det ser ut til at folk er meir opptekne av å kjøla seg ned, enn av gode smakar, seier han.

Sommareffekt lokalt, mindre i storbyane

Ægir i Flåm har erfart mykje av det same. Salet til dei store byane har vore på normalen i sommar, det vil seia litt under snittet for resten av året.

På den lokale bryggeripuben har det derimot vore fullt trykk.

– Det er ikkje tvil om at turistane drikk meir øl når det er fint vêr, seier dagleg leiar Evan Lewis.

Til toppen