NOMINASJON: Olve Grotle.
NOMINASJON: Olve Grotle. (Foto: Vestland Høgre)

Olve på topp for Høgre – med seg på lista har han to sogningar

Det kjem fram i ei pressemelding

Sogn og Fjordane: Nominasjonsmøtet til Vestland Høgre for Sogn og Fjordan valkrins har innstilt Olve Grotle frå Førde på topp. Første sogning på lista er Geir Arve Sandvik frå Luster på sjetteplass. På lista finn ein òg sogndølen, Solfrid Fossberg.

– Nominasjonskomitèen er glade for at det var så stor interesse for å bli ein del av laget, skriv partiet på sine nettsider.

Resultatet av nominasjonsmøtet er lik med innstillinga frå nominasjonsnemnda.

Lista ser slik ut:

  1. Olve Grotle, Sunnfjord
  2. Sven Flo, Stryn
  3. Elisabeth Birkeland Hatlenes, Bremanger
  4. Elias R. Eide, ungdomskandidat, Sunnfjord
  5. Beate Dybendal Nordvik, Gloppen
  6.  Geir Arve Sandvik, Luster
  7. Bjørn Hollevik, Kinn
  8. Solfrid Fossberg, Senior Høgre-kandidat, Sogndal
  9. Anne Lilleaasen, Sunnfjord
  10. Arlene O. Vågene, Kinn
Til toppen