TETT: Nokon har putta masse toalettpapir i do slik at toalettet tettar seg. Foto: Lærdal kommune. 
TETT: Nokon har putta masse toalettpapir i do slik at toalettet tettar seg. Foto: Lærdal kommune. 

Om dette held fram, blir hærverket meld til politiet

Kommunalsjefen er lei av hærverket på venterommet og toalettet på rådhuset i Lærdal. 

Lærdal: Ifølgje kommunen er venterommet og toaletta på rådhuset ofte utsett for hærverk, noko som kostar kommunen, men også gjer toaletta ubrukelege for besøkande.

No er kommunalsjef for tekniske tenester, Alf Magne Hjellum, lei.

– Me hadde mykje problem med skadeverk på toaletta og venterommet for ei tid tilbake. No har det vore bra lenge, men så var det øydelagt eit toalett og grisa til att nyleg, seier han.

Dersom dette held fram, blir det meld til politiet.

– Me har ikkje meld dette til politiet no, men om slikt hærverk held fram, må me melda det. Me kan ikkje ha det slik.

Til toppen