RIGGING FØR DET BRAKAR LAUS: Utstyr vert rigga på plass før Stuv skal gå på scena. Frå venstre leiaren i Hugin musikkforum, Terje Svari, nestleiaren Frank Runar Øren, som også skal spela i båe banda som skal på scena denne opningsdagen til Haustrock. Til høgre: Eivind Lægreid, som skal spela på kveldens siste konsert.
RIGGING FØR DET BRAKAR LAUS: Utstyr vert rigga på plass før Stuv skal gå på scena. Frå venstre leiaren i Hugin musikkforum, Terje Svari, nestleiaren Frank Runar Øren, som også skal spela i båe banda som skal på scena denne opningsdagen til Haustrock. Til høgre: Eivind Lægreid, som skal spela på kveldens siste konsert. (Bilde: Snorre Sandemose)

Om du likar syttitalsrock, so får du full valuta i kveld på Haustrock på bakeriet

På haustrock, som på påskerock i fjor, er det sjølvlaga songar av band med tilknyting til Årdal som fyrst og fremst står på programmet. Men utover dei små timane i natt vert det likevel servert gamle syttitalsslagarar på rad og rekke.

Årdal:– Litt av føremålet med festivalen er å løfta fram band med lokal tilknytning som spelar sjølvlaga materiale, seier Frank Runar Øren, nestleiar i Hugin musikkforum. 

Ein annan grunn er at det er kjekt å arrangera og å spela, og so er det viktig å få innkomer til å drifta Hugin musikkforum sitt øvingslokale på Svalheim, fortel Terje Svari, leiaren.

Nestleiaren er for augeblinken med i to band, og skal stå på scenen under båe konsertane denne fredagen. Fyrst er det Stuv som opnar rockefestivalen klokka kvart på elleve. Og so skal eit mindre kjend årdalsband overta og spela utetter dei små nattetimane: «John Holmes Rock Riders». 

Dei sistnemnde, rockeryttarane, er eit band som vart skipa i fjor før påskerock, og utanom Øren består det av Eivind Lægreid, Joacim Styve og Kenneth Araneda Sandnes.  Dei steppar inn på kort varsel, ettersom GAR (Golden Age of Rock) laut melda fråfall.

– Me har øvd mykje saman den siste månaden, seier Øren, so slik passar det bandet fint å stiga fram og spela på haustrock.

Rockeryttarane er det einaste bandet på Haustrock som i all hovudsak skal spela sokalla «cover-låtar«, altså andre musikarar sine kjende låtar.

Om du likar 1970-talsmusikk får du full valuta i kveld, lovar Øren. 

Er det vanleg i Årdal at musikarane spelar i forskjellige band same kvelden, slik du skal gjere?

Det er ikkje noko uvanleg med det. Det er nye bandkonstellasjonar heile tida her i Årdal. Ei tid spelar den og den i lag, og so dei og dei, og slik vekslar det stendig. Og slik oppstår det heile tida nytt, og nye låtar kjem til. Og difor er det kjekt å ha både haustrock og påskerock, slik at me får synt fram alt det spanande som rører seg i og omkring Årdal på musikkfronten, seier Øren. 

Buss fraktar årdølene trygt heim etter konsertane

Konsertane fredag og laurdag er dei siste store konsertane Hugin musikklag arrangerer før dei går inn i jubileumsåret 2018, når musikkforumet fyller 20 år. 

Øren og leiaren i musikkforumet, Terje Svori, håpar det kjem mange folk. 

– Vi har ikkje det beste kollektivtilbodet her i Årdal nattetid, og vi håpar at busstransporten til Årdalstangen og Seimsdalen etter konsertslutt skal gjere det lettare for alle som vil koma, seier Svori. 

Til toppen