– Det er jo godt vaksne kvinner som sit og ser, og då er det fint at eg som er godt vaksen kan vera med og visa fram klede óg, seier Sonja Hestetun.
Onsdag gjekk ho og eit tital andre mannekengar og synte fram klede på haustmotekvelden på Årdalssenteret. Hestetun vedgår at ho ikkje var heilt i komfortsona då ho skulle gå der på podiet framom publikum.
– Eg hadde ikkje tort det om eg var yngre, men no er det ikkje so nøye. Eg var nok den eldste på mannekengshowet. Eg synest det er flott når det er litt ulik alder på dei som syner fram kolleksjonane, seier Hestetun.

Ho tykte butikken ho gjekk for hadde skikkeleg fine klede, og kjende seg riktig vel i dei. Hadde ho ikkje lika kleda, so skulle det vore vanskelegare å gå utpå der, tykte ho.
– Og veldig moro var det å gå med høghæla skor, for det gjer eg elles aldri til vanleg, fortel ho.
Sjølv om ho lika å vere med på dette, og lika å gå i uvante skor, medgjev Hestetun at ho var ganske nervøs.
– Når eg gjekk ned på eine sida der forbi Årdal mote, so reiv eg til og med nesten ned ei utstillingsdokke. Det var somme som såg det og lo litt. Og det var ikkje alltid eg klarte å halda meg alvorleg, for eg var jo litt flau, seier Hestetun, som understrekar at ho hadde det moro mest av alt.
Ein av dei yngste mannekengane synest ikkje det er so viktig å halda seg alvorleg under moteparaden
Alexandra Natvik Sørli synest truleg ikkje det er so ille om ein mannekeng kan verta litt låttmild, anten han har støytt i ei utstillingsdokke eller ei:
– Når eg går mannekeng smiler eg og er meg sjølv, eg tykkjer ikkje noko om dei som er heilt seriøse. Då verkar det som at dei ikkje likar det dei driv på med, so tommelen opp for alle som smiler, seier Sørli.

Ho trur publikum likar at mannekengane smiler, for det gjer ho sjølv.
– Men eg tykte det var skummelt den fyrste gongen. No, derimot, gledar eg meg kvar gong det er ei slik moteframvising og synest det er skikkelig morosamt å vera med på!, seier ho.
Sørli fortel at ho er moteinteressert, og at det gjer det kjekt å syna fram siste skrik. Ho likar so godt slike mannekeng- og modellframsyningar at ho ynskjer å halda fram med det i framtida.
Ho har vore modell for Årdal Mote på mannekengframsyningane sidan hausten 2014, då ho gjekk i 8.klasse. Den gongen gjekk ho mannekeng side om side med bestemora si Sigrun, og Sigrun si syster. Sørli, bestemora og grandtanta gjekk på rad og rekke bortetter og synte fram mange forskjellige stilige hårfrisyrer.
Bestemor Sigrun Natvik stolt over barnebarnet
Grunnen til at Sørli, bestemora og grandtanta berre synte fram hårfrisyrer hausten 2014, ligg i familien.

Eit anna moteinteressert barnebarn av Sigrun Natvik, Silje Hellebø, (og også systera til Alexandra Natvik Sørli) synte fram sine kunstar innan hårstyling. Ho driv no ein frisørsalong i bygda saman med ei veninne, men den gongen jobba ho på «Frisørstova», som tok del i moteshowet.
Sigrun Natvik har ikkje gått mannekeng sidan den gongen, og er nøgd med å fylgja frå sidelina no:
– Det er kjekt å koma hit, og få skryt for at eg har eit barnebarn som er so snill og blid og grei. Ho er flink til å gå på catwalken, men so er ho snill og triveleg, og det er viktigare, seier Sigrun Natvik.