MEININGAR: – Eg er stolt av Luster. Kall meg gjerna lokalpatriot. Og etter nok ein sommar der fjord møter fjell blir eg ikkje mindre stolt, skriv Gunnar Hovland i dette innlegget.
MEININGAR: – Eg er stolt av Luster. Kall meg gjerna lokalpatriot. Og etter nok ein sommar der fjord møter fjell blir eg ikkje mindre stolt, skriv Gunnar Hovland i dette innlegget. (Foto: Privat)

MEININGAR

Om ein Opel Blitz, livsvisdom og levande lokalsamfunn

– Eg er stolt av Luster. Kall meg gjerna lokalpatriot. Og etter nok ein sommar der fjord møter fjell blir eg ikkje mindre stolt, skriv Gunnar Hovland i dette innlegget.

Meiningar: Dei som kjenner meg godt, veit eg likar å køyre gamle bilar på svingete, smale vestlandsvegar. På biletet ser de far min, framfor ein Opel Blitz 1956-modell, lik bilen far sjølv hadde på 50-talet. Far og bestekameraten hans, Magne, fekk bilen som stor overrasking i sommar til jobben dei har på fabrikken til bror Kjetil.

Når eg får privilegiet å køyre slik ein fin lastebil saman med far, med summande Kaptein rekkeseksar, ein fin sommarkveld i Sogn, gir det rom for minner og gode samtalar. Bilen vart mellom anna brukt til fruktsal i Gudbrandsdalen og Valdres; han henta i si tid tre NRF-kyr frå Hamar med den– og ikkje minst: Han fridde til mor i Blitzen!

Godt fungerande land

Far har 83 godt levde år med mykje erfart livsvisdom som me andre nyt godt av. Han minner oss om kor takknemlege me må vera som bur i eit godt fungerande land i desse tider.

Ja, for så godt som alle som les dette er vel eigentleg einige i at Noreg faktisk er eit «godt fungerande land» og me set pris på dei fellesgoda me har. For skulen, det fantastiske helsevesenet, NAV og støtteordningar for bedrifter gjennom pandemien, veldrivne museum og kulturlandskap me kan vitja i ferien. Ingenting av dette kjem av seg sjølv, men er eit resultat av at me alle bidreg til fellesskapet og at dei me har gitt tillit til å ta gode, samlande val for oss – gjer akkurat det.

Prisutjamning

Sjølv lever far ut livsvisdomen sin ved å bry seg om alle i by, bygd og slekt, hjelper til der han kan og spreier god stemning der han kjem. Ikkje minst har livet lært han at ting skal vera rett og rettferdig, slik at me lever godt saman over tid. Det er lite ein får til åleine, som han seier. Eit slikt samfunnssyn, er heilt grunnleggande for TINE, som mjølkebønder frå Bekkarfjord i nord til Kristiansand i sør eig i samvirke. Me er slik sett bonden sitt eige private selskap, og til forskjell frå eit aksjeselskap fordeler TINE det økonomiske utbytte frå verksemda på liter levert mjølk til 9000 mjølkeprodusentar over heile landet, ikkje til aksjonærar.

I lang tid har Noreg hatt prisutjamning for mjølk, ei sjølvfinansierande ordning, viseleg vedteken av politikarane, for at me skal ha eit land som ser annleis ut enn eksempelvis Sverige. Ordninga går ut på at fellesskapen av mjølkeprodusentar «hjelper til der ein kan», slik at alle har same høve til avsetning og god pris for mjølka si, uavhengig av kor stor garden er eller kvar ein bur. For det er ikkje overraskande for nokon at det kostar mindre å henta og levera mjølk til sentrale strøk enn inst i fjordarmar eller høgt til fjells. Utfordringa, som aldri har vore så tøff som no, er endringane som vart innført for å stimulere til auka konkurranse i 2005. Desse endringane har subsidiert TINE sine konkurrentar med omlag 2 milliardar kroner frå den same ordninga. Det er eit brukbart etableringstilskot.

Konsekvensane kan bli dramatiske

Det var kanskje rett å stimulera til auka konkurranse med subsidiar for 15-20 år sidan, men når dei same konkurrentane no er blitt milliardselskap med solide overskot og marknadsandelar i sentrale strøk, er det ikkje lenger rett å halda fram. At dei mange små mjølkebøndene over heile landet sitt eige selskap skal bli diskriminert med over 180 millionar kroner årlege i subsidiar til store aksjonæreigde selskap er blitt fullstendig urimeleg. Konsekvensane kan bli dramatiske. Og dette handlar om så mykje meir enn ein fin gard her og der.

Levande bygder er viktig grunnlag for dei ferieopplevingane mange har erfart i sommar, og dei 9 000 mjølkebøndene syter for nettopp det. Det er dei som steller kulturlandskapet og mellom anna har dei investert over 20 milliardar kroner i meieria og gardane sine siste ti åra. I år investerer dei mellom anna i TINE-meieria på Elnesvågen, Storsteines og Dovre. Og kvifor er dette viktig? Butikkar, entreprenørar, handverkarar og mange fleire er avhengig av næringsdrivande som torer å investera for utvikling. Bonden er difor ein viktig del av utruleg mange lokalsamfunn over heile landet, der utbytte frå deira eige selskap har stor betyding for økonomien naturlegvis.

Optimistisk

Eg er stolt av Luster. Kall meg gjerna lokalpatriot. Og etter nok ein sommar der fjord møter fjell blir eg ikkje mindre stolt. Av landet vårt, av små og store mjølkebruk, av den norske bonden. For dei handlar det om å vera stolte over faget, men også ei ibuande pliktkjensle for at selskapet deira, TINE, har eit ansvar i samfunnet som folk forventar me innfrir. Og ikkje minst som me forventar av oss sjølve.

Me ynskjer å betala skatten vår for å finansiera dei godene me alle set så pris på og me har ein visjon om å saman skapa eit levande Noreg.

Me har aldri sett so tydeleg som no at den politikken som ein gong vart innført for å legge til rette for auka konkurranse i meierimarknaden sakte, men sikkert verkar stikk i strid med det grunnleggande ynskje til det store folkefleirtalet som vil ha levande landbruk og busetjing over heile landet. Difor må politikken endrast. Det einaste me ber om er å få lov til å konkurrera på like vilkår, ikkje som no at store aksjeselskap i milliardklassen får meir enn 180 millionar i årlege subsidiar framfor dei mange små mjølkebøndene sitt eige samvirke. Om ikkje dette vert endra, vil me ikkje klara å innfri forventningane og tilliten folk har til oss.

Eg er so optimistisk at eg håpar og trur sunn fornuft vil vinna fram i Storting og Regjering også her. Som far seier: «Det skal vera rett og rettferdig om ein skal leva godt saman over tid!»

Til toppen