HURTIGLADING: Å reisa på tur i eige fylke frå Sogn til Sunnfjord eller Nordfjord med elbil er nesten utenkjeleg i dag - med mindre du har ein Tesla. Om eitt år kan det sjå vesentleg annleis ut. 
HURTIGLADING: Å reisa på tur i eige fylke frå Sogn til Sunnfjord eller Nordfjord med elbil er nesten utenkjeleg i dag - med mindre du har ein Tesla. Om eitt år kan det sjå vesentleg annleis ut. 

Om eitt år kan du hurtiglada kvar femte mil

Å reisa på tur i eige fylke frå Sogn til Sunnfjord eller Nordfjord med elbil er nesten utenkjeleg i dag - med mindre du har ein Tesla. Om eitt år kan det sjå vesentleg annleis ut. 

Indre Sogn: – I Sogn og Fjordane har det gått veldig seint, relativt sett. Det har nok mykje med utviklinga av moglegheiter for lading, seier Ståle Frydenlund, kommunikasjonsrådgjevar i Elbilforeningen.

For sjølv om seks av åtte kommunar i Sogn har ladestasjon for elbil, er det heller skralt med punkt for hurtiglading.

AV DEI FØRSTE: Aurland var den einaste kommunen i Sogn med punkt for hurtiglading før dagleg leiar ved Joker Ljøsne i Lærdal, Ansgar Brugrand, i sommar fekk opp ein ladestasjon som ladar elbilar til 80 prosent på 35-50 minuttar. Pressefoto
AV DEI FØRSTE: Aurland var den einaste kommunen i Sogn med punkt for hurtiglading før dagleg leiar ved Joker Ljøsne i Lærdal, Ansgar Brugrand, i sommar fekk opp ein ladestasjon som ladar elbilar til 80 prosent på 35-50 minuttar. Pressefoto

Aurland har hurtiglading i Gudvangen og ved Sognaporten og Lærdal semihurtiglading ved Joker Ljøsne, det vil seia at ein brukar 35-50 minuttar på å lada ein utlada elbil opp til 80 prosent. Så er det i løpet av hausten planlagt punkt for hurtiglading i Håbakken. 

Artikkelen held fram under biletet 

Halvparten så mange selde el-bilar i Sogn og Fjordane som landssnittet 

Elles finst det ikkje ein einaste stasjon for hurtiglading i Sogn, ikkje ei gong i Sogndal. Skal ein mot Førde er første moglegheit Vassenden, tolv mil frå Håbakken.

Mot Nordfjord er det enno lenger til første moglegheit for "kjapp straum" - skal ein vestover mot Eid er Sandane første sjanse for hurtiglading, 13,5 mil frå Håbakken. Og skal ein nordaust mot Strynefjellet eller Indre Sunnmøre er det Stryn sentrum som gjeld, 17,5 mil frå Håbakken.

Artikkelen held fram under kartet - sjå hurtigladekartet i nettlesaren her

TYNT: På hovudferdselsåra mellom Sogn og Sunn- og Nordfjord, Riksveg 5, er det tynt med stasjonar for hurtiglading i dag. Kart: Norsk Elbilforening
TYNT: På hovudferdselsåra mellom Sogn og Sunn- og Nordfjord, Riksveg 5, er det tynt med stasjonar for hurtiglading i dag. Kart: Norsk Elbilforening

Då er det kanskje ikkje så rart at elbilsalet er rimeleg tynt i fjordfylket.

– Av 17 819 selde el-bilar per niande oktober i er 164 seld i Sogn og Fjordane, fortel Frydenlund i Elbilforeningen.

I høve innbyggjartal er det dermed seld halvparten så mykje elbilar her i fylket sett opp mot landssnittet. På den eine sida er ikkje det så rart med tanke på store avstandar og dårleg utbygd ladenett.

Les også: – Ein kraftkommune på Vestlandet bør ha ladestasjon

Riksveg 5 får hurtiglading for kvar femte mil

På den andre sida er det mykje CO2-utslepp å spara på at folk som køyrer mykje og langt går over til elbil. Samstundes som det for den enkelte er mykje pengar å spara på straum i staden for drivstoff og gratisk ferjer for elbil.

Men i løpet av det komande året ser det ut til å bli vesentleg enklare å eiga elbil i Sogn: 

– Eit program som pågår i regi av ENOVA skal føra til hurtiglading for kvar femtiande kilometer langs hovudvegnettet i heile landet. Det betyr at ein dekkjer alle dei viktigaste strekningane, og dette skal vera sluttført innan 1.november 2017, seier Frydenlund.

Ein av strekningane er Riksveg 5 mellom Lærdal og Florø. Her er det altså eit "hol" i hurtigladekartet i dag ettersom det ikkje finst punkt for hurtiglading mellom Håbakken og Vassenden.  

– Hurtiglading eit supplement

Medan ordinær lading er gratis, må ein betala for hurtiglading. Fortum Charge & Drive og Grønn Kontakt, som er dei største og rimlegaste tilbydarane av hurtiglading, tek 2,50 kroner per minutt.

Det vil seia at om ein hurtigladar i 30 minuttar og kan køyra ti mil på dette, kostar straumen seks kroner per mil. Ein bensinbil som brukar halvliteren på mila når bensinprisen er 15 kroner per liter har til samanlikning ei drivstoffutgift på 7,50 kroner mila.

– Hurtigladinga er eit supplement - noko ein brukar når ein må og for å koma seg rundt med el-bil. Hovudsakleg ladar ein bilen heime, og det gir svært rimeleg køyring, seier Frydenlund.

I tillegg fortel han at rekkjevidda på andre merker enn Tesla no også byrjar å bli vesentleg betre, noko som vil gjera det enklare å velja elbil på bygda.

– No skjer der mykje med rekkjevidda på dei nye modellene som kjem. Dei aller fleste nye modellar vil klara 15-20 mil heile året. Og batteripakkene blir ikkje nødvendigvis større, men først og fremst meir effektive.     

Til toppen