TIDSPLAN: Om eitt år skal ombygginga ved Lærdal bu og omsorgsheim som Robert Øyen Einemo er prosjektleiar for frå kommunen si side, vera ferdigstilt. Foto: Ole Ramshus Sælthun
TIDSPLAN: Om eitt år skal ombygginga ved Lærdal bu og omsorgsheim som Robert Øyen Einemo er prosjektleiar for frå kommunen si side, vera ferdigstilt. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Om eitt år skal dette storprosjektet stå klart

Ombygginga ved Lærdal bu- og omsorgsheim er godt i gang. Her er tidsplanen for når dei ulike elementa skal vera ferdigstilte

Lærdal: - Noko støy blir det, men verken bebuarar eller tilsette har klaga så langt. Dessutan vekkjer bygginga interesse - fleire av bebuarane følgjer interesserte med på kva som skjer, seier Arne Johansen, kommunalsjef helse og omsorg i Lærdal kommune.

I haust vedtok politikarane i Lærdal å gjennomføra ei storstilt ombygging ved Lærdal bu- og omsorgsheim (LBO) til ein totalkostnad på 70 millionar kroner, av di ein får stønad frå Husbanken så kommunen sin kostnad kjem på mellom 50 og 55 millionar kroner.

Les også: Vedtok ombygging på bu- og omsorgsheimen
Les også: Skal finna smarte grep for ombyggingsprosjektet

Den største og mest kostnadstunge delen av prosjektet er bygginga av omsorgsbustader til rundt 27 millionar kroner. Dei 12 omsorgsbustadene på til saman 1100 kvadratmeter blir bygt opp frå grunn der ein fløy med 17 institusjonsrom stod.

- Fleire tok til orde for at ein burde pussa opp fløyen i staden for å riva den. Dette hadde ikkje Lærdal kommune så mykje meiningar om, og då tilboda kom inn frå entreprenør vart riving og oppattbygging det klart rimelegaste. Såleis må det seiast å vera eit rasjonelt val, seier Johansen.

Artikkelen held fram under biletet

RIVING: Hovudentreprenør Kleiven Sogn har rive den gamle flyøen og starta grunnarbeidet der dei nye omsorgsbustadene skal koma.
RIVING: Hovudentreprenør Kleiven Sogn har rive den gamle flyøen og starta grunnarbeidet der dei nye omsorgsbustadene skal koma.

Omsorgsbustader ferdige i mars-april 2018

Rivinga starta i februar, no er grunnlagsarbeid for nybygget i gang. Johansen fortel dei 12 omsorgsbustadene som no kjem opp gir eit heilt nytt tilbod i Lærdal.

- Då kan dei som ikkje føler seg trygge med å bu heime lengre, men er for friske til å inn på institusjon bu i omsorgsbustadene. Der har dei beredskap rundt seg heile døgnet og tilbod om slikt som som fysioterapi og aktivitets- og sosiale tilbod i umiddelbar nærleik. Ei dreiing til at færre skal på institusjon er gjengs over heile landet, og det er denne trappa i helse- og omsorgssektoren me har mangla i Lærdal.

Artikkelen held fram under biletet

12 ROM: 3D-teikning av fløyen med dei nye omsorgsbustadene. Skisse. Meto Pro
12 ROM: 3D-teikning av fløyen med dei nye omsorgsbustadene. Skisse. Meto Pro

- Dessutan blir bustadene så store at ektepar kan bu der i lag. Dermed treng me ikkje splitta eldre par når den eine ikkje kan bu heime lengre, held Johansen fram.

Om ganske nøyaktig eitt år skal omsorgsbustadene stå klare og dei andre delprosjekta vera ferdigstilte, fortel prosjektleiar i Lærdal kommune, Robert Øyen Einemo

- Bustadane reknar me med blir ferdige i februar 2018. Så skal uteområdet ferdigstillast, og dit kjem me i mars-april.

Artikkelen held fram under biletet

EITT ÅR: I mars-april vil fløyen med omsorgsbustadene ligggja klar her.
EITT ÅR: I mars-april vil fløyen med omsorgsbustadene ligggja klar her.

Sentralkjerna klar til bruk på haustparten

Dei to andre hovudprosjekta er bygging av ei sokalla sentralkjerne og nye garderobefasilitetar i det eldste bygget, "gamleheimen".

- Sentralkjerna vil bli byrja på rett over påske, då blir det ein del aktivitet der. Denne skal vera klar til bruk i september. Det vil nok ta noko lengre tid å ferdigstilla himlinga, men sentralkjerna kan takast i bruk då. På den eldste delen blir nytt tak lagt no. Ferdigstilling her med nye garderobar blir om lag når omsorgsbustadene er ferdige, seier Øyen Einemo.
 
- Og den tidsplanen held?

- Slik det ser ut no, ja. Me følgjer prosessen tett opp med byggjemøter og prosjekteringsmøter annankvar veke kvar.

Artikkelen held fram under teikninga

SENTRALKJERNA: Sloik blir arealet med sentralkjerna sjåande ut. Teikning: Meto Pro
SENTRALKJERNA: Sloik blir arealet med sentralkjerna sjåande ut. Teikning: Meto Pro

Har byrja å spara inn

I tillegg til eit nytt tilbod i form av omsorgsbustadene, skal ombygginga også føra til ei årleg innsparing på 8,5 millionar kroner innan helse- og omsorg. Dels kjem innsparingane i form av færre institusjonsplassar og såleis færre tilsette.

Omsorgsbustadene skal altså ta unna dei som ville ha hamna på "sjukeheimsdelen" trass i at dei langt på veg klarar seg sjølve - dersom omsorgsbustadene ikkje fanst.

Dels skal innsparingane koma i form av at sentralkjerna fører til betre utnytting av personalet.

- Det blir sju-åtte færre tilsette, noko me løyser gjennom naturleg avgang - utan oppseiingar. Og me får ei ny og betre organisering. No er det ein avdelingsleiar og tre sektorleiarar for kvar av tenestene sjukeheim, hemesjukepleie og heimehjelp. Skotta mellom desse skal langt på veg viskast vekk, seier Johansen. 

- Poenget då er at brukarane skal oppleva tenestene som sømlause, dei skal ikkje merka korleis me organiserer oss. Og me får meir elastisitet i tenestene. Me har allereie starta på omorganiseringa og såg resultat allereie på slutten av fjoråret då må styrte mot fire millionar kroner i meirforbruk, og enda på ein million i mindreforbruk, held han fram.

Skryt av dei tilsette

- Dei tilsette skal jobba innan alle dei tre ulike tenestene?

- Framleis vil dei tilsette ha sin primærarbeidsplass innanfor dei tre ulike tenestene. Men er det stort press ein stad og meir slakk ein annan stad kan ein lettare omfordela ressursane med ei sentralkjerne og ein felles personalbase.

- Slike større endringar fører jo gjerne til ein viss skepsis hjå dei tilsette - korleis har dette gått?

SKRYT: Kommunalsjef for helse og omsorg, Arne Johansen, skryt av korleis dei tilsette har takla omstillinga. Arkivfoto
SKRYT: Kommunalsjef for helse og omsorg, Arne Johansen, skryt av korleis dei tilsette har takla omstillinga. Arkivfoto

- Nokre brukar lengre tid på å omstilla seg, men i det store og heile har dei tilsette takla dette svært bra. Og avdelingsleiar Hrafnhildur Ýr Elvarsdóttir gjer ein veldig god jobb i denne prosessen. Me vil også for første gong i Lærdal si historie få sjukepleiarar på vakt heile døgnet ved bu- og omsorgsheimen.

Sentralkjerna skal koma midt i den delen av bygningen som vender ut mot Skulevegen eine vegen og mot Lærdalsøyri barnehage andre vegen.
Johansen trur byggearbeid så tett innpå den daglege drifta vil gå greitt.

- Det meste av materiale skal takast ned med kraner frå oven, det blir ikkje mykje trafikk med materiale gjennom gangane. Me flyttar litt rundt på kontor, og aktivitetsstova kjem tettast på - men her kan peisstova nyttast i staden. Med litt fleksibilitet frå alle partar skal nok det gå greitt.

- Her er det snakk om å ha det litt verre mellombels til ein seinare får det mykje betre permanent, avsluttar kommunalsjefen.

Til toppen