NÆRINGSLIV: Utfrå fakta Erik M. Aarethun kjem med i dette lesarinnlegget har han problem med å sjå at det manglar «motorar» i næringslivet i Lærdal. Illustrasjonsfoto
NÆRINGSLIV: Utfrå fakta Erik M. Aarethun kjem med i dette lesarinnlegget har han problem med å sjå at det manglar «motorar» i næringslivet i Lærdal. Illustrasjonsfoto

MEININGAR

Om etterlysing av «motorar»  i næringslivet i Lærdal

Det er fristande å spørje kva for slags «motorar» LNU-leiaren etterlyser? spør Erik M. Aarethun i dette lesarinnlegget.

Med visning til artikkelen på Porten 12. Juni, der dagleg leiar Arve Tokvam i LNU etterlyser motorar i næringslivet i Lærdal er det fristande å gje nokre kommentarar om det næringslivet me allereie har i Lærdal.

Les også: Etterlyser motorar som kan driva fram utvikling i Lærdal

Det er 3 store og dominerande næringar i Lærdal

  • Bygg og anlegg
  • Turistnæringa
  • Landbruket

Den næringa som eg kjenner best, bygg og anlegg, vil den åleine omsette for ca. 250-260 mill. kr. i 2017. Av dette er ca. 155 mill. kr.  (60-65 %) omsetning som vert henta utanfor Lærdal kommune, gjennom oppdrag over store deler av sør-Norge.

Turistnæringa i Lærdal har om lag 100.000 gjestedøgn årleg, noko som betyr at det er nær 100% dekning  på overnatting i sommarmånadene. Det er ikkje mange kommunar i vårt fylke som overgår dette. Ifylgje Innovasjon Norge og Statistisk Sentralbyrå sin måling og statistikk, der dei opererer med ca kr. 1.500 i dagsforbruk for kvar reisande, vil det seie eit forbruk i Lærdal og regionen på ca. 150 mill. kr.

Overnattingsverksemdene omset for tilsaman 40-45 mill.kr., det vil seie at overrislingseffekten av dei 100.000 gjestedøgna gjev vel 100 mill. kr. i omsetnad til andre verksemder som varehandel, servering og andre tenester.  Eg meiner reiselivsnæringa driv godt, med sterk vekst på skuldersesongane over fleire år i både hotell - og camping/hyttenæringa. Dei oppgraderer og utviklar kvart år, men det ein slit med i Lærdal er kommunen sine eigne attraksjonar og infrastruktur som har forfalle i nyare tid. Reiselivsnæringa har tilbydt sine tenester og innsats i denne samanheng, men med liten eller ingen respons.

Landbruksnæringa kjenner ikkje eg godt nok til å kommentere, men det kan neppe vere tvil om at Lærdal er ein mønsterkommune med hensyn til omstilling og utvikling i denne næringa.

Utfrå ovannemde fakta har eg problemer med å sjå at det manglar «motorar» i næringslivet i Lærdal. Eg trur dei fleste skjønar at den innsats som vert lagt ned årleg i dei nemde næringane ikkje er mogeleg utan verksemder med leiarskap, kraft og vilje til gjennomføring og utvikling.

Det er difor fristande å spørje kva for slags «motorar» LNU-leiaren etterlyser. Næringorganisasjonen har no eksistert i fleire år og ifølge leiaren har dei i eigen regi måtte drive fram prosjekt. Det er sikkert korrekt, men kva for resultat er oppnådd med hensyn til nyskaping av verksemder og arbeidsplassar i kommunen, trass i tilgang til betydeleg økonomiske midlar?  

Til slutt vil eg kommentere Arve Tokvam sitt hjartesukk i forhold til Håbakken med mogeleg etablering av pelletsfabrikk der LNU leiaren tydelegvis meiner at etableringa har fått ei dårleg mottaking i form av motstand og diskusjonar/innspel. Etter mitt syn må det vere svært bra at folk engasjerer seg og får gjeve uttrykk for sine meiningar i ei sak der det offentlige legg beslag på dyrka mark og der det framleis ikkje er lagt fram dokumentasjon på kva for miljøkonsekvensar ei slik etablering vil kunne få. Folk sitt engasjement i denne saka må vel seiast å vere demokrati i praksis.

Erik M. Aarethun

Til toppen