KRONIKK: – Hydroparken ofrar me berre ein gong, og konsekvensane blir at me då seier nei takk, ein gong for alle, til alt det andre som kunne vore der, skriv Sandra Opheim. 
meiningar
KRONIKK: – Hydroparken ofrar me berre ein gong, og konsekvensane blir at me då seier nei takk, ein gong for alle, til alt det andre som kunne vore der, skriv Sandra Opheim. 
meiningar

Om Hydroparken og andre moglegheiter i Årdal

Les kronikken til Sandra Opheim, Miljøpartiet dei grøne, om Hydroparken. 

Årdal: I Årdal står Hydroparken, den einaste parken i Øvre Årdal, i fare for å bli ofra for enda eit kjøpesenter i industribygda.

Les også: Kjenner seg svikta av Ap

Europris vurderer å etablere seg i industribygda men ingen av dei tomme næringslokala som står rundt omkring i Årdal er vurdert som gode nok for deira verksemd.

«Parkbelte mot industri»

Dei ynskjer seg heller eit nybygg i Hydroparken. Hydro ynskjer å selje tomta til Handelsbygg, og får dei ikkje selje - vurderer dei å stenge parken med eit gjerde. Parken, som var ei gåve til årdølene på 1990-talet, blir av Hydro no vurdert som farleg for barn fordi elva Utla renn forbi – slik den alltid har gjort.

Les også: – Me meiner det er plass til aking og handel

Skal eit kjøpesenter byggast i parken, lyt kommunen gje løyve ved å endre reguleringsplanen for område. Hydroparken er regulert som eit «parkbelte mot industri», og som Helga Søgnen Hestetun nyleg peika på i eit innlegg i Sogn Avis – «det er fordi me treng det!».

Grøntområde gjev skjerming mot støy og trafikk og er møteplassar som innbyr til fri leik, sosialt samvere og rekreasjon. Hydroparken er ikkje regulert som eit friområde, men den har funksjon som eit friområde.

Parken vert i dag mest brukt av barn, barnehagar og skular og den har eit stort potensiale for utvikling og meir bruk. Å erstatte den med eit stort næringsbygg, auka trafikk og parkeringsplassar – er uaktuelt for Miljøpartiet dei grøne. 

Park eller butikksenter? Tenkt langsiktig!

Årdal har i takt med industrien si utvikling, alltid streva med å etablere næringar som har vore uavhengige av Verket. Det er vanskeleg, men me får det til! Så kvifor skal me ofre den einaste parken i Øvre Årdal for eit nytt kjøpesenter?

Me treng både grøntområde og nye arbeidsplassar i Årdal. Å bygge ned den einaste parken i Øvre Årdal for enda eit nytt butikksenter, meiner Miljøpartiet dei grøne er ei kortsiktig og dårleg løysing.

Kommentar: Kven trur me eigentleg at me er?

Situasjonen i Årdal er slett ikkje kritisk, me treng ikkje ty til ei usikker og lite framtidsretta etablering. Årdal har den lågaste arbeidsløysa i Sogn og Fjordane og var på fylkestoppen i nyetableringar i 2014 – ingen kommunar i Sogn og Fjordane hadde betre etableringsfrekvens enn Årdal.

Me har mange solide og konkurransedyktige bedrifter som er i vekst og som gjer det særs godt. Varierte butikkar har me og. Og årdølene er lojale og handlar lokalt – sjå berre på bilsalet! Kanskje er Peugeot verdas beste bil, men at forhandlaren er lokal og at dei som jobbar der er dyktige og yt god sørvis – er viktigast. 

Sjå video: Folkemøte om Hydroparken

Kva andre moglegheiter finst i Årdal? Mange! Industrien er sjølvsagt ein av dei. Miljøpartiet dei grøne ynskjer som alle andre i Årdal, at Hydro skal investere og bygge ut i Årdal.

Hydro har ambisiøse klimamål og planlegg å halde fram med aluminiumsproduksjon i Noreg i lang tid.

Miljøpartiet dei grøne vil sjølvsagt at Årdal skal vere inkludert i dei vidare planane til Hydro. Med investeringar og ny teknologi på Verket samt ei vidare styrking av Norsun og dei mange andre framtidsretta industribedriftene våre – kan Årdal bli eit grønt industrisamfunn i verdsklasse! 

Fantastisk natur og attraktive opplevingar

Uansett så treng me fleire bein å stå på enn det industrien gjev oss. I samband med arbeidet med ein ny strategisk næringsplan har både turisme og helsearbeid så langt peika seg ut som potensielle vekstnæringar i Årdal.

Me har noko unikt, autentisk og verdifullt – naturen! Det er den som lokkar folk til Årdal (og utebassenga våre). Kan det gje oss fleire arbeidsplassar? Ja! I Sogndal jobbar t.d. over 30 personar i tilknyting til opplevingsbasert turisme.

Dette er jobbar som ikkje fanst i Sogndal berre for nokre få år tilbake. Her har Årdal eit stort potensiale! Noregs lengste og djupaste fjord går på land i Årdal. Me har vest-Jotunheimen og mange toppar over 2000 meter i kommunen vår.

Til dømes ligg både Store Skagastølstind (Storen), Austanbotntindane, Ringstind og (i aust) Falketind i Årdal. Me har Tindevegen mellom Turtagrø og Årdal som gjev panoramautsikt til Hurrungane.

Me har blant Europas lengste og mest særskilte dal; Utladalen og me har Vettisfossen – den høgste frittfallande fossen i Nord-Europa. Me har enda urørt natur, urskog og flotte høve for jakt- og fiske. Ein flott konsekvens av industrieventyret i Årdal er også milevis med anleggsvegar som eignar seg perfekt for sykling i høgfjellet.

Årdal har også eit rikt idretts- og kulturliv, og flotte festivalar med eit stort potensiale for vekst. Fleire burde få gle seg over opplevingar i Årdal i samband med både Nasjonalparkfestivalen, Målrock, Fjord til fjell og Fjøsbluesen i Avdalen. Me kan bli enda betre på å reklamere for den flotte bygda vår! Eit ope (!), interessant og levande industrimuseum burde også vore i Årdal.

Årdølene er med rette stolte over industrihistoria og den sterke arbeidarkulturen, samhaldet og dugnadsånda i Årdal. Årdal har så mykje flott å by på – me lyt syne det fram og inviter folk inn! Men Europris i Hydroparken? Nei, det vil me ikkje ha. 

Parken lyt sparast

Miljøpartiet dei grøne er mildt sagt skeptiske til at billige tannkostar, terassesko og drillar med dårleg kvalitet (jf. Folkemøtet og utbyggar sitt eige døme på kva Europris tilbyr) vil gje årdølene så mykje meir enn auka mengd med bos.

Så me kjempar for å halde på Hydroparken som grøntområde og ynskjer oss både konsertar og spennande kulturarrangement i parken, i tillegg til meir blomar! Dei unge er blitt spurt om å komme med forslag til kva som kan vere avbøtande tiltak dersom dette grøntområde vert bygd ned – spør dei kva aktivitetar dei ynskjer å ha i Hydroparken!

Les også: – Hydroparken er best

Dei har alt sagt at «Hydroparken er best!» og at dei ikkje ynskjer eit kjøpesenter der. Folkemøtet i kulturhuset synte og at det er stor skepsis blant vaksne og eldre i Årdal.

Hydroparken ofrar me berre ein gong, og konsekvensane blir at me då seier nei takk, ein gong for alle, til alt det andre som kunne vore der. Hydroparken kan bli ein møteplass for folk i ulik alder, på tvers av sosiale og etniske skilje. Det treng me i Årdal - parken lyt sparast!

Til toppen