Sogndal: Folk frå heile Sogn og Fjordane leika seg i løypene i dag under historias fyrste Sogn og Fjordane-leikane ved Sogndal skisenter.
– Det var 47 stykk som stilte med startnummer og det var sikkert dobbelt så mange som leika i bakken, seier Tonje Norheim Tangerud frå Sogn og Fjordane skikrins og legg til at ho frykta for oppmøtet på grunn av vêret.
For det er ingen tvil og at leikane blei ein våt og kald fornøyelse for utøverane.
– Eg frykta at det kun kom til å møte 10-15 stykk på grunn av vêret, men om ikkje sola skein, så skein deltakarane. Det var store smil å sjå i bakken i dag, kan Tangerud fortelje.
Ei helg utan konkurranse
Det er Sogn og Fjordane skikrins som er arrangør for leikane og denne helga er ei såkalla rennfri helg. Det betyr at korkje alpinkrinslaget eller langrennskrinslaget deltar i konkurransar denne helga. I staden blei det ei stor treningssamling lagt til Sogndal.
– Her er det både sogningar, nordfjordingar og sunnfjordingar, fortel Tangerud.
Deltakarane deltok i telemark, alpin, langrenn og hopp. Det var ikkje nødsyntvis dei som kom fyrst i mål som stakk av plaketten til slutt, men dei som viste mest iver og engasjement - noko bakkane var fulle av.
– Leikane handlar blant anna om å læra seg skiferdigheiter, å bli kjende på tvers av greinene og at det er moro å leika på ski. Ein teng ikkje legge skia på hylla sjølv om ein ikkje vil bli den beste i verden, seier Tangerud.
Aldersklassar var det heller ikkje så nøye med.
– Det var ikkje alle som turde å vera med. Tenåringane våre meinte dei var litt for gamle. Men det var mange foreldre som stilte og det er veldig kjekt. Det å leika seg på ski har nemleg ingenting med alder å gjera, seier Tangerud.
Tidenes fyrste Sogn og Fjordane-leikarar vart Guri Brekke og Trym Blom Almås.