Foto: Truls Grane Sylvarnes.
meiningar
Foto: Truls Grane Sylvarnes.
meiningar

Om kraftutbygging i Ofredalen

MEINING: Miljøpartiet dei grøne meiner det burde vore ein føresetnad, eit krav og eit vilkår for kraftutbygging i Ofredalen, men kommunen har ikkje høve til å sette eit slikt vilkår, derfor måtte me nøye oss med ei varsam «oppmoding». 

Formannskapet i Årdal diskuterte 14.03.17 blant anna kraftutbygging i Ofredalen og anlegget Ne’ fø’ sjøen, porten.no har omtalt saka.

Formannskapet stemte samrøystes for rådmannen si tilråding, om at Årdal kommune skal oppmode kraftutbyggjar om å gje eit bidrag til anlegget «Ne’ fø’ sjøen» i Ofredalen.

Miljøpartiet dei grøne meiner det burde vore ein føresetnad, eit krav og eit vilkår for kraftutbygging i Ofredalen, men kommunen har ikkje høve til å sette eit slikt vilkår, derfor måtte me nøye oss med ei varsam «oppmoding».

Det tykkjer MDG mildt sagt er trist. Det seier mykje om kor lite lokalsamfunnet kan vente å få igjen ved ei kraftutbygging, utover alle dei negative konsekvensane som følgjer, særskilt for innbyggjarane i Naddvik. MDG fryktar også at ei kraftutbygging i Ofredalen vil vere øydeleggjande for anlegget Ne’ fø’ sjøen og for deler av turistsatsinga i Årdal, då store deler av landskapet langs fjorden vert øydelagt.

Men - løyve til kraftutbygging i Ofredalen er gjeven av Kongen i Statsråd. Det er ikkje høve til å klage på vedtaket som gjev løyve til at krafta kan gå i eit 2,4 kilometer langt fjordspenn over Årdalsfjorden, og som sikrar størst mogleg økonomisk vinning til utbyggjar. Regjeringa gjekk imot ønska til Årdal kommune og andre som gav uttale, som alle ville ha kabel i fjorden ved ei eventuell kraftutbygging.

Det er ingen løyndom at MDG ikkje ynskjer dette prosjektet gjennomført. Årdal produserer enormt med fornybar energi og tek eit stort samfunnsansvar i det høve. Miljøpartiet dei grøne meiner at no er det nok - me vil halde på dei urørte perlene i Årdal, slike som både Ofredalen og Nundalen er gode døme på.    

Sandra Opheim, Miljøpartiet dei grøne.

Til toppen