FRISK LUFT: I desse pågår arbeidet med å skifte ventilasjonsanlegget på Tangen skule. Etter å ha venta i fleire år, er dette noko rektor Jan Kåre Stedje har sett fram til lenge.
FRISK LUFT: I desse pågår arbeidet med å skifte ventilasjonsanlegget på Tangen skule. Etter å ha venta i fleire år, er dette noko rektor Jan Kåre Stedje har sett fram til lenge. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Om nokre veker skal dei endeleg få undervise i god og frisk luft

Arbeidet med å skifte ventilasjonsanlegget på Tangen er godt i gang. Til tider har luftkvaliteten vore heilt uhaldbar for lærarar og elevar.

Årdalstangen: Seint, men godt. Endeleg skal den eine fløyen på skulen få nytt ventilasjonsanlegg. 

På dei varmaste sommardagane kan det bli opp mot 30 grader i kontorfløyen på Tangen skule, men det er først og fremst kvaliteten på lufta som er problemet. Slik har det vore i fleire år fram til politikarane endeleg løyvde pengar i år.

– Det vil bli heilt fantastisk samanlikna med slik det har vore. Det ser me voldsomt fram til, og me er gilde for at dei byrja så fort som dei gjorde, seier rektor Jan Kåre Stedje.

Pålegg frå Arbeidstilsynet

Allereie i oktober 2010 kom det varsel om pålegg frå Arbeidstilsynet, der fristen for gjennomføring var sett til mars året etter, seinare utvida til juli etter at kommunen søkte om å få utsett fristen.

Ingenting vart gjort, og først i februar 2013 varsla kommunen i eit brev at det hadde blitt gjennomført eit forprosjekt og at opprustinga skulle takast omsyn til i økonomi- og handlingsplan frå 2012 til 2015.

Naudsynt

Først no, to år seinare, er ein i gang med arbeidet som starta i juli og held på fram til oktober. Då får lærarar og elevar endeleg undervise og lære i god og frisk luft.

– Det var heilt naudsynt. Luftkvaliteten var så dårleg at gjekk på helsa laus for elevane som skal konsentrera seg og for oss som skal jobba der, seier rektoren. 

Medan arbeidet pågår er det ein slags unntakstilstand på skulen. Alle rom er tatt i bruk.

– Til og med det gamle styrkerommet er blitt til eit klasserom, men det var me budde på, så dette ser me berre positivt på.

Til toppen