I Lærdal skal kommunestyret i nær framtid ta stode til fleire store saker som til dels heng saman med kvarandre, skriv Johan Grøttebø. 
I Lærdal skal kommunestyret i nær framtid ta stode til fleire store saker som til dels heng saman med kvarandre, skriv Johan Grøttebø. 

MEININGAR

Om planar og prosjekt i Lærdal

I Lærdal skal kommunestyret i nær framtid ta stode til fleire store saker som til dels heng saman med kvarandre.

KOMMENTAR: Desse sakene er skulebruksplanen/mogeleg nedlegging av Ljøsne skule, det er ombygging til omsorgsbustader på Lærdal bu- og omsorgsheim, det er planlegging og tilrettelegging for næringsarbeidsplassar i Håbakken og det er arealbruken i områda vest for barnehagane på Øyri.

Med det at sakene heng saman tenkjer ein på,

  • langtidsplanlegginga, altså korleis kommunen gjennom kommuneplanlegginga formar mål og strategiar (og arealbruk) for utviklinga, og 
  • korleis målsetjinga i desse planane  heng saman med kommuneøkonomien.

Konsekvensane og løysinga av  kostbare byggeprosjekt som kommunen gjennomførde for få år sidan, har medført at kommuneøkonomien (både når det gjeld investeringar og drift) har vorte problematisk. Dette les me stadig om i avisa. Denne dårlege kommuneøkonomien  er også hovudårsak til framlegga som no ligg føre  om nedlegging av Ljøsne skule. Ikkje alle i kommuneleiinga  bryr seg så mykje om korleis denne nedlegginga  heng saman med kommunen sine mål i overordna plan for kommuneutviklinga. Derimot så ser ein heldigvis at fleire andre,  i sine avisinnlegg,  er opptekne av dette. Det ein veit frå før,  er at ei nedlegging av viktige institusjonar o.l. i ei grend eller samfunn, ofte genererar nye nedleggingar og fråflytting. 

Innleiingsvis har ein  nemndt også andre prosjekt som påvirkar utviklinga i kommuneøkonomien,  og såleis kommunen sin langsiktige handlefridom og måloppnåing.

Ombyggingsprosjektet til omsorgsbustader  (LBO) er eit slikt prosjekt. Dette prosjektet som etter tilbodsrunden er kalkulert til 83 mill. kroner går ut på at noverande aldersheimfløy med 16 aldersheimplassar og diverse fellesrom, oppført på 1980 talet,  skal byggast om til 12 omsorgsbustader. I tillegg  skal ein del andre funksjonar forbetrast. I høve til kostnadsoverslag på planstadiet som var på 49 mill., er kostnaden no, altså etter tilbod,  på heile  83 mill kr!

Det er sikkert eit dokumentert behov for omsorgsbustader, men eit veit også at behovet for plassar i kategoriane omsorgsbustader og alders- og sjukeheimsplassar er stadig vekslande. Ein torer hevda at med det prosjektet som no ligg på bordet har kommunen valt ei unødvendig dyr løysing. 

Det å bygge om den type bygning det her er snakk om, og få til løysingar som stettar tekniske,  miljømessige- og funksjonelle krav, blir dyrare enn om kommunen bygger nye omsorgsbustader!   Det visar dei reelle einingsprisane i prosjektet samanlikna med erfaringsprisar for nye slike bustader.  (I kostnadsoppstillinga si har kommunen merkeleg nok  halde utafor ein god del kostnader som høyrer med til sjølve omsorgsbustadane, noko som berre er egna til å føra folk bak lyset).

Ved ombygginga så får ein ikkje nytt areal, og ein misser noverande rom som kunne vera gode å ha i eldreomsorga eller brukast til andre funksjonar. Korleis skal kommunen  løysa trongen for omsorgsplassar i ombyggingsperioden?

I prosjektet er det innbaka ein del andre kostnader som er med og dreg totalen opp. Ein har sett  på plantegninga for institusjonen, som ligg på kommunen si heimesida. Der er det mellom anna  teikna inn tilsaman 27 arbeidsplassar med pc-skjerm. Er det verkeleg eit behov for so mange?. Slikt kostar.

I media les ein at kommunen har valt to politikarar til å finna «smarte grep» for å få kostnadane på prosjektet ned. Slikt «smartnes» har eg ikkje tru på.

Med tilvising til røynslene frå ein del prosjekt kommunen har gjennomført,  trur eg at det «smartaste» kommunen bør finna på,  er å  ha grundigare prosessar i eit breiare både politisk- og fagleg miljø i sine planar og prosjekt.  Slik det er no er det eit fåtal - og dei same personane-  som er involverte i omtrent alle planar og prosjekt. Nokon gonger også med ulik hatt på hovudet. 

Med ei slik breiare involvering av folkevalde og fagpersonar trur eg at kommunen har betre sjansar til å lukkast med prosjekta og med å få  til den handlefridom som ein treng for å utvikla heile kommunen i tråd med  kommuneplanen. 

Til toppen