AVGJERANDE: Dei neste to vekene kan prosjektet Harastølen Hotell verta enda nærare ein realitet
.
AVGJERANDE: Dei neste to vekene kan prosjektet Harastølen Hotell verta enda nærare ein realitet . (Bilde: Harastølen hotell)

Om to veker kan Harastølen Hotell vera nærare realisering

Dei har jobba i over to år med idèen om å gjera Harastølen om til eit hotell, men finansieringa er enno ikkje heilt i boks. Sjølv om det byrjar å hasta har investorane framleis trua på suksess.

Luster: Det har vore stille rundt planane om hotell på Harastølen sidan det blei kjent at Kulturminnefondet gjev nesten fire millionar kroner til prosjektet.

– Det var viktig for jobben vidare at me fekk dei pengane, seier Terje Svindland. 

Han er ein av investorane som satsar stort på at det gamle sanatoriet kan gjerast om til hotell. 

– Me er ikkje i mål med fullfinansiering frå private investorar endå. 1. juni er fristen me har sett for prosjektet. Om me ikkje får tak i alle millionane me treng innan då, avsluttar me prosjektet og går vidare. 

Lang tid

Det er snart to år sidan han og ei investorgruppe byrja å jobba med idèen om eit hotell på Harastølen.

– Me har jobba så lenge med dette at no må det skje snart. Me har fleire prosjekt som står i kø, seier Svindland.

Likevel har han trua på at dei kan få det til.

– I løpet av dei to neste vekene skjer det ting som kan verta avgjerande for skjebna til Harastølen, seier han.

Kan bli realitet

Ordførar i Luster, Ivar Kvalen håpar Svindland og investorane greier å redda Harastølen. 

– Det gjenstår nok litt før dei er i mål. No forventar kommunen at Tinfos stiller opp så Harastølen Hotell kan bli realitet, seier han.

– Det er ikkje noko som tilseier at Tinfos skal vera med å finansiera dette, men dei har bidrege med å gje eigedomen gratis til prosjektet. Så er det opp til oss å skaffa investorar, seier Svindland.

Dugnadshjelp

Det er stor interesse rundt Harastølen både lokalt og ellers i landet. På Facebooksida til Harastølen kjem det inn mange kommentarar frå folk som er positive til å legga seg inn på Harastølen Hotell. Folk i bygda er òg spente. 

– Det er mange som sender melding og seier dei vil vera med på dugnad om det skjer noko. Viss me får nok pengar til å satsa set me stor pris på alle som vil bidra seier Svindland. 

Treng lokale folk

Sjølv om dei lokale er positive er det ikkje mange som har tilbydd seg å spytta pengar inn i hotellplanane. 

– Det verkar ikkje til at dei lokale investorane torer å satsa. Me køyrer 13 timar frå Sørlandet til Luster, så det hadde vore fint med nokre lokale som kunne teke tak i prosjektet om det går i gong. Me forstår at folk i bygda er leie av folk som vil redda bygget, men me gjer så godt me kan. Me brenn for dette, seier Svindland. 

Til toppen