SNART TOMT: Større faglege miljø og meir effektiv drift er årsaka til at Avinor satsar på fjernstyrte flyplasstårn. I Sogndal blir tårnet etter planen ubemanna frå april 2020.
SNART TOMT: Større faglege miljø og meir effektiv drift er årsaka til at Avinor satsar på fjernstyrte flyplasstårn. I Sogndal blir tårnet etter planen ubemanna frå april 2020.

Om tre år er det ingen att i tårnet

Sogndal lufthamn blir fjernstyrt frå 2020 og fem tilsette må anten finne ny jobb eller flytte til Bodø. – Det er ein krevjande situasjon, seier tillitsvald.

Sogndal: Teknologien er allereie testa ut. Snart blir det mogleg å fjernstyre flyplassar, altså blir dagens bemanna tårn overflødige.

– Eg skal ikkje ha så mykje meiningar om det, for dette er noko som kjem, seier lufthamnsjef Svein Sanden.

Til saman femten flyplassar i Norge bli styrte frå ein sentral i Bodø, dei første i 2018. I Sogndal er det april 2020 som er datoen.

Les også: Difor kjempar dei for hangar på flyplassen

– Krevjande situasjon

– Ved å samle tårna til eit felles senter håpar Avinor dei vil kunne utnytte arbeidsressursane på ein betre måte en i dag. Målet med prosjektet er at ein skal kunne drive «multitasking», det vil seie at ein person kan ha dialog med fleire fly på ulike flyplassar samstundes, seier Sanden.

I dag er det fem personar som har arbeidsplassen sin i flyplasstårnet på Haukåsen. Alle fem får tilbod om å halde fram i Avinor, men må i tilfelle flytte til det nye senteret i Bodø. 

– Det er ein krevjande situasjon, seier tillitsvald Are Hjelle Guddal. 

Han veit ikkje kor mange av dei fem som kjem til å bli med på flyttelasset til Bodø, men at det er ei vurdering kvar enkelt må gjere framover.

– Det blir berre spekulasjonar. Det er framleis eit stykke fram i tid, seier han.

Lover same regularitet 

– Kor stor tru har du på at denne teknologien vil løyse jobben like bra som de har?

– Det har eg ingen kommentar til. Det må du nesten høyre om med dei som sit med førstehandskunnskapen i Avinor, seier Hjelle Guddal, som ikkje er med på at teknologien har gjort menneska overflødige.

–Det er berre arbeidsplassen som blir flytta, seier han.

Når det er gjeld tryggleik og regularitet er lovnadane at det ikkje skal bli noko verre med fjernstyring enn det er i dag, seier lufthamnsjefen. 

– Eg trur at ein er nøydd til å gjere seg ei erfaring med dei første tårna, seier Sanden.

Til toppen