Foto: Arild Finne Nybø.
Foto: Arild Finne Nybø.

MEININGAR

Om vedtak og uro i Helse Førde

MEINING: Når vi høyrer påstandar om lovbrot, tek vi det sjølvsagt på alvor.

Helse Førde er godt i gang med å utvikle framtidas spesialisthelseteneste i Sogn og Fjordane. Det handlar om å  utvikle moderne tenester tilpassa behovet i befolkninga, til driftsrammer, gode arbeidsprosessar og teknologi. 

For å støtte opp om utviklingsarbeidet føreslo administrasjonen ein ny måte å organisere føretaket på. Forslaget skapte usikkerheit og uro internt, og vart ikkje sett i verk. Vi tok oss difor nødvendig tid, også for å sikre god forankring og medverknad. 

På bakgrunn av denne uroa og kritikken vedtok styret å leige inn ekstern kompetanse (konsulentfirmaet AFF og advokatfirmaet Steenstrup Stordrange) for å gjennomgå det som hadde skjedd, og svare ut påstandar om m.a. brot på lov og avtaleverk. Denne prosessen stilte både føretakstillitsvalde og hovudverneombod i Helse Førde seg bak. 

Konsulentane arbeidde med faktagjennomgangen i over to månader, og gjennomførte mellom anna intervju med meir enn 50 tilsette i føretaket. Resultatet er ein grundig og veldokumentert rapport som vart gjennomgått og drøfta på styremøte i Helse Førde 27. januar 2017.  Eit samrøystes styre, inkludert dei tilsette sine representantar, understreka så forventninga om at alle arbeidde framover for eit godt arbeids- og utviklingsmiljø i Helse Førde. 

Basert på eit tilsvar frå Overlegeforeningen/Yngre legers forening handsama styret saka igjen på sitt møte 28. april i år. På nytt vart rapporten gjennomgått i styret. Fleirtalet kom fram til at ein no må legge uroa bak seg og sjå framover og arbeide vidare saman. Denne gongen valde dei tilsette sine representantar i styret å ikkje støtte dette, og ville i staden ha ei ny, ekstern gransking av saka. 

Styret har fått gjort ein grundig gjennomgang og kan ikkje sjå at det er begått alvorlege feil eller lovbrot frå verken administrerande direktør eller styret. Når vi høyrer påstandar om lovbrot, tek vi det sjølvsagt på alvor. 

Det er eit omfattande arbeid som er i gang med å omstille Helse Førde til framtida. Det er ikkje eit alternativ å ikkje utvikle og omstille. Her har styret og administrerande direktør både rett og plikt til å følgje opp arbeidet. Vi oppmodar alle tilsette om å arbeide saman for på beste måte å løyse dei utfordringane vi står framfor.

Agnes  Landstad
Styreleiar i Helse Førde

Til toppen