SEL BRAKKERIGGEN: Brakkeriggen som skulle nyttast som asylmottak for einslege mindreårige på Borgund er seld vidare til Tyin-Filefjell Utvikling. Biletet er frå då formannskapet hadde befaring og møtte naboane på området mottaket var tenkt. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SEL BRAKKERIGGEN: Brakkeriggen som skulle nyttast som asylmottak for einslege mindreårige på Borgund er seld vidare til Tyin-Filefjell Utvikling. Biletet er frå då formannskapet hadde befaring og møtte naboane på området mottaket var tenkt. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Omdiskutert brakkerigg vert seld

Høgeloft AS sel den mykje omtala brakkeriggen til Tyin-Filefjell Utvikling AS. 

Borgund: Den var planlagt å nyttast til asylmottak for einslege mindreårige på Borgund, men no skal den mykje omtala brakkeriggen heller nyttast til å utvide sengekapasiteten på Tyin-Filefjell. 

Det var Sogn Avis som først omtalte denne saka. 

– Planen er å kvitte seg med han, men han står framleis der han alltid har stått. Det er bestemt at den skal seljast, seier styreleiar i Høgeloft AS, Knut Opdal, til Porten.no.

Lang prosess

Det planlagte mottaket i Lærdal fekk mykje merksemd i media i vinter. Høgeloft AS hadde eit ønske om å kunne tilby mottak for einslege mindreårige på Borgund i Lærdal med Hero som driftar av mottaket. 

I styret sit mellom anna ordførar i kommunen, Jan Geir Solheim, og varaordførar Trond Øyen Einemo. 

Dispensasjonssøknaden blei møtt med klager frå naboar av den planlagte mottaket, og også prosessen i seg sjølv fekk kritikk. Mellom anna dukka det opp eit spørsmål eit ekstraordinær formannskapsmøte var lovleg sett. 

– Prosessen var lang, men alle fekk uttalt seg og snakka om det. Det har tatt lang tid, og det er UDI me har venta lenge på. At me ikkje fekk det til kan me ikkje tenkje for mykje på, seier Opdal.

I mai beslutta UDI å avlyse dei seks regionale konkurransane for å skaffa 600 nye mottaksplassar for einslege mindreårige asylsøkjarar. Årsaka var lågare ankomsttal enn venta. Dermed vart det ikkje noko av asylmottaket på Borgund.

Auke sengekapasitet

Brakkeriggen som skulle huse asylsøkjarane vert no altså seld vidare til Tyin-Filefjell Utvikling. 

– Me ynskjer å nytta den som utleigesenger for verksemdene våre, og set den i stand slik at me kan auka sengekapasiteten på Tyinkrysset, seier dagleg leiar, Morten Odden, til Sogn Avis. 

Sjølv om brakkeriggen vert seld, vert ikkje Høgeloft som selskap lagt ned.

– Me skal halde fram. Selskapet består. Me har nokre planar, men ikkje som me vil gå ut med, svarar Opdal. 

Til toppen