AKTIVITET: Det er mykje skjer i tunnelen ved Tyinkrysset på E16 Filefjell. Foto: Statens vegvesen. 
AKTIVITET: Det er mykje skjer i tunnelen ved Tyinkrysset på E16 Filefjell. Foto: Statens vegvesen. 

Omfattande arbeid i Filefjelltunnelen

Sjølv om det vart hol gjennom Filefjelltunnelen i haust, er det eit stort arbeid som gjenstår før tunnelen kan opnast om eit og eit halvt år.

Eit langvarig etterarbeid starta i Filefjelltunnelen etter gjennomslaget 27. oktober, og det vil vare heilt fram til hausten 2017 då tunnelen kan opnast for trafikk.

Eit godt stykkje på veg

Hæhre Entreprenør er no om lag ferdig med å reinske ut massar frå botn av den 5,8 kilometer lange tunnelen, og dei er kome langt med å bygge opp ny vegbane.

Legging av drensleidningar og trekkerøyr går også etter planen, og arbeidet med å vass- og frostsikring av tunnelen er godt i gang.

- Totalt skal det monterast nesten 100 000 kvadratmeter PE-skumplater i to lag i tak og vegger av tunnelen. Dette for å lede bort lekkasjevatn frå fjellet og hindre at det frys til is på vegbana, seier Sverre Kjos-Wenjum, teknisk byggjeleiar i tunnelen.

Redusert aktivitet i vinter

Når det gjeld arbeid på veg i dagsonene, har det vore redusert aktivitet gjennom vinteren. Sterk kulde, snø og vind har vore ein utfordring i perioder, men ikkje meir enn ein kunne vente. Aust for Grøna bru og mot Kyrkjestølen er det fjerna asfalt på gamal E16 og ny veg er bygd opp, heva i terrenget.

I frå Tyinkrysset og ned mot Varpe bru er det utført masseutskifting og klargjering av ny trasé, og det er lagt til rette for kommunalt vann- og avløpssysytem som er under utlegging.

Ut over våren vil aktiviteten i dagsonene gradvis auke på veganlegget.

Til toppen